Personalia

Nekrolog: Håkon Hovstad

Håkon Hovstad døydde første juli, 82 år gamal. Ein tidlegare kollega og god ven har gått bort.

Håkon Hovstad avla historisk-filosofisk embedseksamen i 1959 med historie hovudfag, og to år seinare vart han tilsett ved Instituttet for sammenlignende kulturforskning som vitskapleg konsulent og leiar for forskingsprosjektet «Garden i norsk samfunnshistorie». Resultatet vart boka Gårdsgrenser. Et bosetningshistorisk hjelpemiddel? . Det er ei lita bok, men ho er perspektivrik.

Alt medan Håkon var knytt til gardsundersøkingane — fram til 1975 - vart han kapra av Historisk institutt, UiO, som hjelpelærar og vikar, og i 1976 vart han tilsett som lektor; to år seinare fekk han førstestillingskompetanse. Han var ein ypparleg pedagog og underviste på alle trinn - grunnfag, mellomfag og hovudfag - og heldt eigne kurs i historisk metode. Med si fagleg-administrative røynsle og innsikt fekk Håkon mange oppgåver for Historisk institutt, og i ein to-årsperiode var han instituttstyrar. Også utanfor UiO vart kunnskapane og innsikta til Håkon nytta ut, mellom anna var han i ein femårs-periode - 1986-91 - medredaktør av Historisk tidsskrift.

Men så vart det bråstopp. I 1995 vart Håkon råka av hjerneslag og miste taleevna. Og dette vart ein lagnad han og Unni måtte leva med heile tida etterpå. Det vart eit stort tap for Historisk institutt og historikarmiljøet, og det vart eit tap for vener og kolleger som miste kontakten med han. Men på mange måtar fekk Håkon eit godt liv i dei 20 åra etter slaget. Han og Unni hadde sin eigen måte å kommunisera på, han fekk bu heime til det siste, i mange år delt mellom Flekkefjord og Spania, han fekk vera saman med nær familie og nære vener. Utan Unni, hennar innsats og indre styrke, ville dette ikkje vore mogleg. Håkon fekk ei verdig avslutning på livet.

Halvard Bjørkvik

Les mer om

  1. Nekrolog

Relevante artikler

  1. PERSONALIA

    Nekrolog: Steinar Øvrebø

  2. PERSONALIA

    Nekrolog: Grethe Ryen

  3. NORGE

    Djabrail-saken er ferdig etterforsket

  4. FOTBALL

    Florø sin heitaste spelar: - Det har ringt i hytt og vêr

  5. BOLIG

    Endeleg fekk dei draumen oppfylt: – Denne hytta har me spart til i mange år

  6. FOTBALL

    Sparka Hødd-trenar Hans Erik Eriksen: – Hødd-leiinga var ikkje klar for meg