Han vart fødd som odelsgut i Hemsedal 30. november 1927. «Det er bonde eg eigenleg er», kunne han seia. Men utdanning og yrke førte han ut av bygda.
Venås tok lærarprøva i Volda i 1954 og arbeidde nokre år som lærar før han vart cand. philol. ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1960 med nordisk språk og litteratur som hovudfag, deretter dr. philos. i 1967. 1971-1997 var han professor i nordisk målvitskap ved UiO. Han kom til å bli ein av dei lærdaste nordistane i sin generasjon.
Lærdommen spreidde Venås med stor autoritet i undervisning, rettleiing og ein svær vitskapleg og populærvitskapleg forfattarskap. Av mange oppdrag og verv i og utanfor Noreg var medlemsskapen i Norsk språkråd 1980-1996 særleg viktig: Der representerte han UiO og var heile tida leiar for nynorskdelen av fagnemnda og styremedlem i rådet. Han mottok fleire faglege heidersmerke og innval i vitskapsakademi i og utanfor Noreg.
Humanvitskap er djupast sett moralvitskap. For Kjell Venås gjekk målvitskap og målsak hand i hand: Det galdt å skape og spreie kunnskap om det norske og heimlege til beste for individuell sjølvkjensle og for den lokale og nasjonale fellesskapen, heilt i tråd med Aasens virke, som han var av dei aller kunnigaste om. Med alt han har skrive og tala, har han gjeve rikeleg attende til heimemiljøet som fostra han, og til fagfellane sine.
Kjell Venås tala og skreiv klårt og myndig, men han var ikkje sjølvhevdande. Tvert om levde han stille og alminneleg og treivst, som Aasen, best mellom jamningar. Han tykte han fekk eit rikt liv. Eg er takksam for at eg fekk vera venen hans så lenge. Den sterkaste stolpen i livet hans var likevel heile tida kona Alvhild, som han fekk to staute søner med. Kjell Venås let etter seg ein stor fagleg og menneskeleg arv, som alle som kjende han, har del i, og som UiO er han stor takk skuldig.
Geirr Wiggen