Fotball

Ulland Andersen aktuell for Strømsgodset

Bekrefter dialog med eliteserieklubben.

Eirik Ulland Andersen kan havne i Strømsgodset.
  • Kristian Stenerud

Fleire klubbar er på jakt etter Hødd-spelaren Eirik Ulland Andersen, som har ei kontrakt som går ut etter denne sesongen. Ein av dei klubbane er Strømsgodset.

— Eg veit ikkje så mykje sjølv. Eg kjenner til interessen og veit det har vore kontakt mellom klubbane, meir er det veit eg ikkje. Eg har ein agent som styrer med det, seier han til Drammens Tidende.

Kantspelaren er sjølvsagt interessert om det skulle bli aktuelt med ein overgong.

— Det verkar som ein spenande klubb, seier 23-åringen.

Sport – og utviklingsleiar Geir Hansen i Hødd ser helst at Ulland Andersen blir verande i Hødd.

— Det er interesse der frå fleire klubbar i eliteserien, men han har framleis eit halvt år igjen av kontrakta her. Vi er i ein vanskeleg situasjon, så vi har ikkje lyst å miste han no. Men vi må vurdere kva vi skal gjere om det kjem eit godt bod, seier Hansen til smp.no.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd