Fotball

Hødd møter den nordmørske serieleiaren

Kristiansund leiar serien og har tatt poeng i 7 av 9 bortekampar denne sesongen. Hødd møter tøff motstand på Høddvoll.

Robin Shroot og Eirik Ulland Andersen blir viktige i møtet med serielederen. Her jubler duoen for en scoring i 2014.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Statistikken kan få ein kvar Hødd-supportar til å rynke panna: Kristiansund har med sine 38 poeng meir enn dobbelt så mange poeng som Hødd, som berre har 18. Samstundes er dei blåkvite inne i ein betre trend med poeng i dei to siste kampane før ferien. Med Steinar Lein sin meir direkte spelestil har Hødd hatt større defensiv kontroll.

Les også

Ulland Andersen aktuell for Strømsgodset

Urke er friskmeldt

Angrepstrioen i kampen består av Shroot som spiss, med Ulland Andersen til venstre og Magnussen til høgre. På midtbanen skal Torset, Kallevåg og Vestvatn regjere. Førstellevaren er nærmast identisk med laget som skaffa årets første bortepoeng mot KFUM Oslo. Ein skilnad frå førre runde er at Jan Lennart Urke er tilbake. Han vart brått sjuk med streptokoppar før ferien. Fredrik Sjølstad er framleis ute med strekken han pådro seg for ein dryg månad sidan.

Les også

  1. Hødd på forsvarsjakt

  2. Hødd-trenaren: - Kom inn i ein vond sirkel

Verdt å merke seg om Kristiansund:

  • Karamoko Daouda Bamba har scora elleve mål på 17 kampar. Det gir han delt andreplass på topscorarlista. Berre Pontus Engblom i Sandnes Ulf har satt fleire.
  • Sverre Økland frå Ålesund spelar på midtbanen. Han debuterte for Aafk i Tippeligaen i 2009, berre 16 år og ein dag gammel.
  • Dan Peter Ulvestad, sønn av tidligere Aafk-spiller Rune Ulvestad, er i kveldens startellevar.
  • Førre oppgjer endte 2-0 til KBK, på Atlanten stadion

Hødd (4-3-3) Jan Lennart Urke — Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Karl Joakim Wrele (K), Hugues Wembangomo -Bendik Dybdal Torset , Torbjørn Kallevåg, Øystein Vestvatn - Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot, Joachim Magnussen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Tørnqvist, Didrik Sereba, Michael Karlsen, Vegard Heltne, Martin Mork Breivik, Sondre Sandnes Beite.

Kristiansund BK (4-4-1-1): Conny Månsson - Joakim Bjerkås, Dan Peter Ulvestad (K),Tor Erik Torske, Andreas Eines Hopmark - Sverre Hjelle Økland, Liridon Kalludra, Kamer Qaka, Jean Alassane Mendy - Karamoko Daouda Bamba, Jonas Kippersund Rønningen.

Benken: Alexander Hovdevik, Olav Elias Mahle Nerland, Thompson Unachi Ekpe, Pål Erik Ulvestad, Jesper Isaksen, Sondre Sørli, Ådne Gikling Bruseth.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd