Fotball

Karlsen tilbake i startoppstillinga

Hødd-spissen jaktar framleis sitt første mål for Hødd denne sesongen. Kjem endeleg scoringa for Michael Karlsen i kveldens kamp mot Nest-Sotra?

TILBAKE: Michael Karlsen er med frå start for Hødd mot Nest-Sotra Foto: Staale Wattø

  • Vebjørn Bjørkås

Om ein ser vekk frå Brann-kampen, leverte Hødd årsbeste forrige serierunde då dei snudde 0-1 til 3-1-siger borte mot Hønefoss. No må dei ta med seg sjølvtilliten frå den imponerande snuoperasjonen i Ringerike tilbake til Ulsteinvik og kampen mot Nest-Sotra i ettermiddag.

Svak sesongstart

Dagens Hødd-motstandar starta årets sesong på verst tenkeleg måte, og stod med null poeng etter fire serierundar. No har det imidlertid snudd for «strilane», som følgde opp uavgjortresultatet borte mot Follo i femte serierunde med sesongens første siger mot Fredrikstad på heimebane for ei veke sidan.

I cupen i midtveka blei det likevel stopp i 2. runde mot årets store sensasjon i 1. divisjon, Åsane, som vann 2-0 på Myrdal gress.

Mykje å revansjere

Fjorårets kamp mellom Hødd og Nest-Sotra på gamle Høddvoll var ein av sesongens store skuffelsar av Ulsteinvik-laget. Den gong nyopprykka Nest-Sotra kom til Høddvoll og sendte heimelaget av banen med ein sjokkerande 5-2-siger over Hødd.

Karlsen erstattar Magnussen

I Hønefoss var både Joachim Magnussen og Magnus Myklebust tilbake frå start etter eit kort skadeopphald. Det gav umiddelbar effekt, og begge presterte bra før dei blei bytta ut i slutten av andre omgang.

I kveld startar Magnussen på benken, og Michael Karlsen, som hadde solide innhopp både mot Hønefoss og Fana i cupen, er tilbake som spydspiss i Hødd-laget.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Joachim Wrele, Fredrik Aursnes – Eirik Ulland Andersen, Michael Karlsen, Magnus Myklebust

Benken: Ole-Monrad Alme, Ruben-Kenneth Brandal, Joachim Magnussen, Torbjørn Kallevåg, Benjamin Mork Kleppe, Sondre Beite, Benrik Rise

Nest-Sotra (4-4-2): Øystein Øvretveit – Bjarte Haugsdal, Max Bjørsvik, Gojko Ivkovic, Petter Martinsen – Hassan Rahmani, Kristoffer Zachariassen, Øystein Aksnes, Bjarne Langeland – Steffen Lie Skålevik — Simen Næss

Benken: Andreas Eikum, Marius Wichne, Per-Christian Pedersen, Kamran Iqbal, Ruben Hetlevik, Jone Rugland, Erlend Larsen

FØLG KAMPEN LIVE HER:

  1. Les også

    Falch: - Nå tenker jeg kun på Hødd

  2. Les også

    Hødd-innbytterne ordnet cupseier

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Nest-Sotra