Fotball

Hødd skal teste to nye spelarar mot Molde

Hødd-trenar Kevin Knappen vil ikkje avsløre kven som skal prøvespele i årets første treningskamp.

Etter nesten tre veker på treningsfeltet skal Hødd i aksjon på Aker stadion mot sjølvaste Molde laurdag.

– Det blir spennande å få teste seg mot ein så god klubb allereie i den første kampen. Vi trur Molde stiller sterkt mot oss. Sjølv kjem vi til å bruke alle spelarane som er med, men det blir ikkje like mykje speletid på alle, seier Hødd-trenar Kevin Knappen.

Les hele saken med abonnement