Fotball

Tidlegare Brann-talent var på veg til spansk fotball, men så kom koronakrisa. No er han klar for Øygarden.

Andreas Fantoft gjekk glipp av sjansen til å spela mot Barcelona og Valencia sine B-lag, men er glad han er i Øygarden.

Andreas Fantoft (20) har spelt for Gneist, Fyllingsdalen, Brann, Åsane, Sotra og no Øygarden. Øystein Vik

  • Øystein Vik

Han er berre 20 år, Andreas Fantoft, men har allereie rukke over ganske mykje i bergensfotballen. Gneist-guten har spelt for Brann og vart sett på som så spennande, at Lars Arne Nilsen tok han med på treningsleir før sesongen for nokre år sidan.

Sidan har han spelt 1. divisjon for Åsane og 2. divisjon for Sotra. Torsdag ettermiddag hadde han si første trening med sin nye klubb Øygarden i det – for ein gongs skuld – strålande vêret på Ågotnes.

– Eg er veldig fornøgd med at eg er her no, seier Fantoft.

Fekk kontraktstilbod

Men karrieren kunne tatt ei anna retning. Tidlegare i vinter ordna rådgjevaren hans, Stein Arve Lone, prøvespel for Fantoft i den spanske klubben La Nucia. Dei spelar i Segunda Division B, som er tredje nivå i Spania.

La Nucia ligg rett sør for Valencia, like ved Benidorm.

Fantoft reiste ned på prøvespel sist haust, og midtbanespelaren imponerte nok til å få eit kontraktstilbod. Deretter reiste han tilbake til Spania på nyåret og var der i januar og februar.

– Men så viste det seg at det var problem med å få lisensen min over frå Norge til Spania med overgangsvindauget som lukka.

Så kom koronaen i mars og alt stoppa opp. Då vart det til at Fantoft byrja å trena med Øygarden i staden for å tenkja på ein retur til Spania. No har han signert ei eittårskontrakt med den nye 1. divisjonsklubben vest for Bergen.

– Eg kunne spelt mot lag som Barcelona B og Valencia B, noko som var spennande, men i og med koronasituasjonen tenkjer eg at det er betre å signera kontrakt med Øygarden enn å reisa tilbake til Spania, seier Fantoft, som seier seg godt fornøgd med løysinga han no har fått.

Fantoft vurderer det slik at det sportslege nivået på spansk tredje nivå og norsk andre nivå er ganske likt.

Les også

Geir (51) perset på 10-kilometer, halv- og helmaraton. To treningsøkter var avgjørende.

Øygarden-trenar Bryant Lazaro har teke over etter Steffen Landro som reiste til Sandnes Ulf. Ørjan Deisz

Lazaro: – Han har stort potensial

Øygarden-trener Bryant Lazaro er svært godt fornøgd med å ha Fantoft på plass. Den nye signeringa markerte seg kjapt med å vera best på den såkalla bip-testen laget gjorde nyleg. Ein bip-test måler fotballrelatert kondis.

– Andreas Fantoft er ein spelar eg har kjent ei stund no. Han har stort potensial og kjem til å utvikla seg vidare med oss i Obosligaen, seier Lazaro.

Han ser på Fantoft først og fremst som midtbanespelar, men seier at han på same måte som alle andre i klubben, må kunna handtera fleire posisjonar.

– I tillegg er han lokal (frå Bergen). Det er viktig for oss å ha lokale spelarar, understrekar Lazaro.

Vi videreutvikler våre artikler.
Hjelp oss å forbedre, gi din tilbakemelding.
Gi tilbakemelding

Les mer om

  1. Øygarden Fotballklubb

Relevante artikler

  1. FOTBALL

    – Det har vært mange meninger om Øygarden fra utsiden. På innsiden er vi en veldig samlet gjeng.

  2. FOTBALL

    Øygarden-sjefen forklarar kvifor han plutseleg trekte seg frå jobben

  3. FOTBALL

    Senai Hagos sikret Åsane-seier i lokaloppgjøret

  4. FOTBALL

    Øygardens om koronareglane: – Det er umogleg

  5. FOTBALL

    Permittert spelar gjekk til konkurrent: Me er blitt lurt, seier Øygarden.

  6. FOTBALL

    Øygarden-tap etter syvmålsdrama: – Brutalt