Nye kontraktar til to Hødd-spelarar
Preben Sætre og Robin Hjelmeseth blir med vidare i Hødd.
I dag gjekk Hødd ut med at Preben Sætre og Robin Hjelmeseth har skrive under ny kontakt med Hødd ut 2020-sesongen.
– Eg gler meg verkeleg til å starte på ein ny sesong. Det er godt å få landa dette før juleferien. Vi har fått inn ein dyktig trenar i Kevin og eg håpar og trur at vi som lag og klubb tek nye steg neste år, seier Sætre til Hødds heimeside, som kom til klubben før 2017-sesongen.
Nevstad ble headhuntet av Mjøndalen: – Jeg var ikke på jobbjakt
Også Hjelmeseth er godt fornøgd med å bli verande i Hødd også neste sesong. Han kom tilbake til klubben frå Elverum før 2017-sesongen.
– Det er fint å ta juleferie og vite at alt er på plass. Den nye sesongen kan ikkje kome fort nok – gleder meg veldig. Sidan eg kom heim i 2017 har eg hatt eitt mål for auge, og det er å bidra til at klubben rykker opp, seier Hjelmeseth.