Fotball

Statistikken som forundrar Hødd-sjefen: - Hadde eg berre visst det

Hødd møter botnlag dei to komande kampane. Det treng ikkje berre å vere positivt sett med Hødd-augne.

Sindre Eid vet ikke hvorfor Hødd ikke presterer så bra mot de dårligere lagene. Foto: STAALE WATTØ

  • Eirik Nesset Hjelvik
    Eirik Nesset Hjelvik

Følg kampen direkte med oss fra klokken 14.30: Nest-Sotra-Hødd

I år har nemleg Hødd vore vel så gode mot topplaga i divisjonen.

Ei kjapp oversikt Sunnmørsposten har gjort, viser at Hødd har plukka 1,55 poeng per kamp mot dei fem beste motstandarane på tabellen.

Mot dei fem svakaste laga i divisjonen er snittet 1,42 per kamp.

– Det er ikkje tvil om at vi har litt å gå på når det gjeld poengfangsten mot dei svakare laga. Men det kan berre vere ein ekstra motivasjonsfaktor inn mot kampen søndag, seier Hødd-trenar Sindre Eid og tenkjer på oppgjeret mot nest sist plasserte Nest Sotra.

– Korleis kan du forklare at Hødd er best mot dei beste?

– Hadde eg berre visst det, seier Hødd-trenaren.

– Kan det ha med motivasjonen å gjere?

– Om vi slit med å motivere oss i den posisjonen vi er i, så skjønar eg ingenting, seier Eid – og følgjer opp:

– Det er klart det er ekstra herleg å slå dei beste laga, men poenga betyr jo like mykje om det er mot Nest Sotra eller Hønefoss. Men det er dette som er litt sjarmerande med fotballen, den psykologien og svingingane det medfører. Vi får sjå om vi klarer å trykke på dei rette knappane og snu litt på det søndag, seier Hødd-trenaren.

Norges fremste tallknusere har regnet: Disse lagene rykker opp fra 1. divisjon i år.

Skal ha seier

Fem serierundar før slutt ligg Hødd på femteplass – fem poeng bak direkte opprykksplass.

Ned til Ranheim, første lag utanfor playoff-plassane, er det seks poeng.

– Vi har sett oss sjølv i ein god posisjon, men uavhengig av det handlar det om å levere gode prestasjonar og hente flest mogleg trepoengarar. Vinn vi eit par kampar no kan vi plutseleg vere med heilt der oppe igjen, minner Sindre Eid om.

– Kva tenkjer du om å møte Nest Sotra i den posisjonen dei er i?

– Vi møter eit lag som helst bør vinne dei fem siste kampane, så dei er heilt sikkert desperat etter å vinne. Men vi er desperat etter siger vi også, og reiser ned dit for å gi full gass. Vi går heilt klart for tre poeng, seier Sindre Eid.

Hødd må klare seg utan suspenderte Joakim Wrele søndag, men stiller elles truleg fulltalig tropp.

Følg Nest-Sotra-Hødd og chat med vår reporter underveis

Les også

  1. Hødd sløste vekk sigeren mot Ranheim

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Nest-Sotra
  3. Hødd