Fotball

Sogndal toppar for første gong

Sogndal tronar på toppen av eliteserien. Det har laget aldri gjort før.

Skien, Norway 20120325.Sogndaljubel under eliteseriekampen i fotball mellom Odd Grenland og Sogndal på Skagerak Arena i Skien søndag kveld.Foto: Trond Reidar Teigen / SCANPIX
• Øystein Vik

— Det er sjølvsagt veldig kjekt, men me nytte berre sigeren i 24 timar. No ser me framover, seier dagleg leiar i Sogndal, Egil B. Mundal.

Sogndals overbevisande 4–0 siger borte mot Odd Grenland sende laget til toppen av tabellen. Etter berre ein serierunde er det mest av kuriøs interesse kven som er på toppen av tabellen, men faktum er at Sogndal aldri har toppa før. Dermed har den vesle klubben nådd ein ny milepæl.

QUIZ:

• Hva husker du fra eliteserieåpningen?

Sarpsborg og Start

Sogndal håpar den gode seriestarten gir eit godt billettsal inn mot Hønefoss-kampen på Fosshaugane søndag. I fjor hadde Sogndal eit tilskodarsnitt på 3180. Mundal forsikrar om at ingen i klubben tek av på grunn av sjokksigeren i Skien.

— Sarpsborg vann jo 3–0 over Molde i serieopninga i fjor. Molde vann serien, og Sarpsborg rykka ned. Og Start vann dei to første kampane sine i fjor, også, minner Mundal om.

Sogndal er tippa til nedrykk av så godt som alle fotballekspertar. Mundal seier ingen i Sogndal meiner dei har motbevist dei dystre spådomane enno.

— Det får du ingen i Sogndal til å seia.

Har vore i toppen tidlegare

Sogndal har hatt nok poeng til å leia serien tidlegare, men har alltid hamna bak eit anna lag på målforskjell. I 1988 hadde Sogndal like mange poeng som serieleiar Rosenborg etter første og tredje serierunde, men hadde ikkje like god målforskjell. I 1991 vann Sogndal seriepremieren saman med Viking, Lyn og Lillestrøm, men det var Viking som trona på toppen.

I 2003 hadde Sogndal si beste start på ein sesong i eliteserien nokosinne med tre sigrar på rad, men vart snytt for tabelltoppen først av Viking og deretter Rosenborg.

Les også

1. Sogndal banket Odd

Eliteserien

SVUTMP
1Molde1493234132130
2Bodø/Glimt1474329151425
3Lillestrøm137332016424
4Kristiansund137241312123
5Rosenborg146442619722
• Champions League-kvalifisering
• Conference League-kvalifisering
• Nedrykkskvalifisering
• Nedrykk

Les mer om

1. Eliteserien