Fotball

Superinnbyttar Shroot skaut Hødd til siger

Kom inn og scora to mot Ranheim.

Robin Shroot ble den store helten mot Ranheim. Her jubler han og Eirik Ulland Andersen etter et mål i 2014.
  • Tarjei Engeset Ofstad

HØDD-RANHEIM 2-0

Robin Shroot snudde ein keisam kamp til ein trepoengs— fest med sine to mål i siste halvdel av andre omgang.

Det første målet kom i det 77. minutt, etter ein fin kipp inn i feltet av Sondre Beite.

Shroot heada ballen baklengs inn i buret til Ranheim. På den andre scoringa snappa Shroot ballen nede ved dødlina, venda seg rundt og sendte ballen i mål frå særs skrå vinkel. Dette målet kom berre to minutt etter det første.

Skadar og bytar

Først var det Ranheims Daniel Kvande som vart liggande for teljing med tydelege smertar. Kvande gjekk sjølv hardt inn i duellen.

Dommaren blåste mange frispark, men ga ingen gule kort før Eirik Malmo fekk eit for Ranheim i andre omgang. I det 41. minutt var det Fredrik Sjølstad sin tur til å få vondt. Han tok seg til baksida av låret og signaliserte raskt at han ville byttast ut.

Robin Shroot kom inn, og tok Ulland Andersen sin plass som spiss. Ulland gjekk ned på midtbanen og erstatta Sjølstad der. I det 66. minutt kom Sondre Beite kom inn for Joachim Magnussen. Hugues Wembangomo gjekk av med smertar tre minutt seinare, Øystein Vestvatn kom inn.

Tam start

Første omgang var prega av dei to laga forsvarte seg strukturerte, samstundes som dei var tannlause på den siste fjerdedelen av banen. Ein av få sjansar var då Joakim Wrele heade ballen og ein kvitkledd forsvarspelar redda på strek.

Det kunne verke som begge laga var nøgde med berre eitt poeng. Forsvarsrekke til Hødd tok seg ofte god tid til å trille ball. Laga tok ikkje store sjansar, men låg strukturerte defensivt. Heldigivis varta Robin Shroot opp med mål og ga Hødd tre sårt tiltrengte poeng mot ein jamn motstandar.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd