Fotball

Jesper Törnqvist stepper inn som Hødd-kaptein

Han har berre starta ein seriekamp i år, men skal lede Hødd mot Levanger.

KAPTEIN I EIN KAMP: Jesper Törnqvist med kapteinsbindet i kampen mot Jerv tidligere i år, den einaste kampen Törnqvist har starta i serien denne sesongen.
  • Tarjei Engeset Ofstad

I år har Joakim Wrele vore kaptein på Hødd i alle seriekampar utanom ein. No er svensken ute med sitt tredje gule kort. Jesper Törnqvist er den eigentlege kapteinen, men han har berre starta ein kamp denne sesongen.

Stort sett har Törnqvist hatt oppgåver utanfor banen i år, som fysisk trenar. Førre gong han fekk starte var mot Jerv, då gjekk det skeis og Hødd tapte 5-1 på bortebane.

– Det var katastrofalt dårleg, sa han til Sunnmørsposten nyleg, då han mintest førre kamp.

  • Les også: – Må komme oss ut av gjørma

Mot Levanger får han lede laget igjen. Kanskje vil han vise fram nokon av godtaktene saman med makkar Steffen Moltu, som publikum hugsar frå tidlegare sesongar.

Slik startar Hødd (4-3-3):

Jan Lennart Urke — Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist (K), Hugues Wembangomo -, Fredrik Sjølstad, Torbjørn Kallevåg, Øystein Vestvatn – Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot, Joachim Magnussen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Dani Aleksei Hatakka, Didrik Sereba, Bendik Dybdal Torset, Bendik Rise, Vegard Heltne, Sondre Sandnes Beite.

Sjølstad endeleg tilbake

Midtbanespelar Fredrik Sjølstad har slitt med den same strekken sidan kampen mot Fredrikstad 28. mai! Han er no omsider klar og går inn i midtbanetrioen saman med Øystein Vestvatn og Torbjørn Kallevåg. Bendik Dybdal Torset er ute med strekk i leggen.

I midtforsvaret har vi jubilanten sjølv: Kjempen Steffen Moltu frå Gurskøy, som er 30 år i dag.

Levanger er tøff motstand

Levanger fotballklubb, LFK, er tabelltoar med 35 poeng, like mange som Sandefjord som ligg på tredjeplass.

Hødd ligg med naud og neppe over nedrykksstreken, på 12. plass med 21 poeng.

Trønderane slo Fredrikstad 1-0 heime i førre runde. Spissen Bendik Bye scora det einaste målet i kampen. Levanger slo også Hødd 2-0 heime i april, men ein skal som kjent ikkje tenke på snøen som fall i fjor.

På bortebane er LFK det tredje beste laget i førstedivisjon. Oppgjeret mellom Hødd og LFK på Høddvoll i fjor, enda heile 4-0 til gjestane. Dei er det laget som har scora nest flest mål, berre slått av Kongsvinger, som Hødd møtte i førre runde. Hødd møter derfor knalltøff motstand søndag kveld. At Hødd er det femte beste heimelaget i serien, balanserer samstundes biletet. Hødd sine tre siste heimekampar har endt med siger.

Verdt å vite om Levanger fotballklubb:

  • Stifta så seint som i 1996, ved ei samanslåing av mindre, lokale lag
  • Var i ei årrekke eit andredivisjonslag, fram til 2015
  • Målet i 2015 var å overleve på nest øvste niva, dei enda midt på tabellen
  • Spissen Jo Sondre Aas var topscorar i førstedivisjon i 2013 med 18 mål, for Ranheim
  • Toppscorar er Benjamin Stokke med ti mål, han gjer mål i annakvar kamp i snitt

Slik startar Levanger FK (4-4-2):

Ola Rygg - Lars Emil Flakk, Per Verner Rønning (K), Espen Berger, Bent Sørmo - Ørjan Hopen, Bendik Bye, Marcus Astvald, Adria Mateo Lopez - Benjamin Stokke, Jo Sondre Aas.

Benken: Jacob Storevik, Tom Erik Nordberg, Vegard Voll, Erik Skeie, Andreas Lykke Strand.

Les også

  1. - Må komme oss ut av gjørma

  2. Steinar Lein: - Godt å bryte bortebarrieren

  3. Kan Hødd vinne i høljeregnet i Mjøndalen?

  4. Lein ansatt som ny hovedtrener i Hødd

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Levanger FK