Fotball

Toppsjef gir seg i Sogndal etter fire månader: – Ueinige om vegen vidare

Sogndal må kutte rundt ti millionar kroner og slit sportsleg. No har dei skifta dagleg leiar.

FERDIG: Terje Rognsø vart berre sitjande nokre månader som Sogndal-topp. Nicklas Knudsen

  • Mads Bøyum

Dagleg leiar Terje Rognsø gir seg i Sogndal Fotball. Klubben er i ein tung situasjon økonomisk, samstundes som laget ikkje har prestert på bana i 1. divisjon.

Rognsø trer av få månader etter at han vart tilsett.

– Det er synd at han valde å trekke seg, seier styreleiar Tor Arne Ness.

– Styret vil gå ein annan veg enn meg på nokre felt som er viktige for meg, seier Rognsø til Bergens Tidende.

– Kva slags felt er det snakk om?

– Eg vil ikkje gå inn på detaljane. Det vert feil uansett. Eg har eit anna syn enn styret om kva som skal prioriterast og det vert vanskelig når min jobb er å rådgje styret. Frontane er ikkje steile, men vi er ueinige om vegen vidare. Det er så enkelt og så vanskeleg, seier Rognsø.

Styreleiar Ness seier mykje har endra seg i Sogndal sidan Rognsø vart tilsett. Omstillinga klubben no står i, grunna utfordrande økonomi, er større enn venta, seier Ness.

– Kor alvorleg er den økonomiske ståda?

– Samanlikna med i fjor må vi nok ned ti millionar. Det er noko heile klubben vil kjenne på. Og vi har ikkje val: Vi lyt omstrukturere.

Ness fortel at Sogndal lyt ha ein plan for kva klubben skal vere i framtida i løpet av 2019. Leiaren seier inntektstapet etter fleire år i 1.-divisjon gjer det naudsynt å ta grep no.

Terje Rognsø beskriv klubbøkonomien slik:

– Den er utfordrande, men ikkje verre enn at den er mogleg å handtere.

Det er allereie klart at Rasmus Mo går inn i stillinga Rognsø forlèt.

  1. Les også

    Doddo-bloggen: «Sesongstarten er en skuffelse, men det er ingen krise»

  2. Les også

    Flytting av Branns kamp i Bodø skaper reaksjoner

  3. Les også

    Vålerenga låner Sogndal-keeper

  4. Les også

    Brann-treneren mener laget trengte en seier for ikke å bli stresset

Vi videreutvikler våre artikler.
Hjelp oss å forbedre, gi din tilbakemelding.
Gi tilbakemelding

Les mer om

  1. Sogndal Fotball

Relevante artikler

  1. FOTBALL

    Sogndal-trenaren før møtet med Brann: – Det har vore mykje rot

  2. FOTBALL

    Øygardens om koronareglane: – Det er umogleg

  3. FOTBALL

    Permittert spelar gjekk til konkurrent: Me er blitt lurt, seier Øygarden.

  4. FOTBALL

    Tommy Knarviks trenargjerning i Sotra slutta i konflikt. Før helga blei han spurt om å ta over igjen.

  5. FOTBALL

    Gir frå seg plassen i 1. divisjon: Her er drakta og logoen til laget som tek over etter Nest-Sotra

  6. FOTBALL

    Nest-Sotra planlegg ny storklubb frå 2020: – Slik me driv no, er ikkje berekraftig