Fotball

Ulland scora på straffe – så fekk han raudt kort

Hødd tapte 1-2 mot KFUM i ein kamp som endte på det mest dramatiske vis.

Her får Eirik Ulland Andersen raudt kort i kampen mot KFUM.
  • Tarjei Engset Ofstad

I det 90. minutt fekk Hødd straffespark. Eirik Ulland Andersen satte ballen sikkert i mål. Fordi han freista å ta med seg ballen frå nettet og sette kjapt i gang, fekk han gult kort. Han hadde gult frå før og vart utvist. Etter pause jaga Hødd mål. KFUM hadde knapt nok sjansar, Hødd styrte dansen, men fekk ikkje skikkeleg sving på sakene. Tapte Hødd ufortent? Målt i talet på sjansar er svaret eit rungande ja. I effektivitet er svaret eit hardt og bestemt nei.

Smp.no kjem med meir om dette fortløpande.

Eigde ballen, fekk ikkje nytta han

Paradoksalt nok nærmast eigde Hødd ballen i store delar av første omgang. Likevel var KFUM Oslo farlegare dei få gongane dei kom til sjanse, noko som skuldest personlege feil hos Hødd. I det 13. minutt rota Høddforsvaret bort ballen. Dennis Obeng vart så spelt gjennom og kunne kjapt trille ballen forbi ein sjanselaus Jan-Lennart Urke.

Svakt offensivt på midtbanen i første omgang

Om Hødd gjorde feil defensivt fungerte laget enda dårlegare offensivt på midtbanen den første halvtimen. Publikum uttrykte frustrasjon over manglande fart og framoverspel. Samstundes kunne Hødd også ha scora, med ein dose flaks. Christoffer Aasbakk var særs aktiv offensivt til midstoppar å vere. Ulland Andersen kom til fleire skot, av vekslande kvalitet. Rett før pause skaut han farleg og med skru. Ballen gjekk hårfint over tverrliggaren.

Beite spelte frå start for første gong

Sondre Sandnes Beite hadde aldri vore i startelleveren i seriesamanheng før kom ikkje skikkeleg med i kampen før mot slutten av første omgang.

— Bra Beite, ropte Hans Erik Eriksen på sidelinja, då han gjekk på løp, men ikkje vart spelt på.

Kampen var fysisk tøff. KFUM likar visstnok å spele futsal vinterstid, men kampen var nærmare bryting. KFUM klarte likevel å halde seg unna gule kort. Ulland Andersen pådro seg derimot det gule kortet i det 38. minutt. Han kaste seg inn i duell bakfra. Taklinga var ikkje av den styggaste sorten, men stoppa ei kontring, og dommaren løfta kortet.

Les mer om

  1. Fotball 1. div