Fotball

Jesper Törnqvist: - Eg har klump i halsen

Å score og vinne over tabelltoar Levanger var den perfekte revansj for Hødd-kapteinen.

Jesper Törnqvist (liggende i målet) fekk eit herlig comeback for Hødd.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Jesper Törnqvist trur at dei fleste på Høddvoll fekk det med seg: Kjenslene han ikkje klarte å halde tilbake. Både etter scoringa si og ved kampslutt jubla den elles så sindige finnen meir enn han kanskje vanlegvis ville gjort.

– Eg har litt klump i halsen no, seier han til smp.no

Törnqvist har hatt ein tung sesong der han berre har starta to kampar, inkludert mot LFK søndag kveld. Førre gong han starta tapte Hødd 5-1 borte mot Jerv. Han var ikkje heilt fri for nervar før oppgjeret mot LFK.

– Eg har spelt minst 250 seniorkampar, men eg må innrømme at eg var litt meir spent enn eg ville vore til vanleg, seier han og legg til:

– Heldigvis gjekk det bra.

Kontant scoring

Det var då Hødd som mest trong ei scoring at kapteinen stilte opp. På stillinga 2-1, ti minutt ut i andre omgang, fekk Hødd frispark i farleg posisjon.

– Eg veit at Christoffer (Aasbak) har ein god fot, fortel Törnqvist.

Kapteinen visste kor han skulle, og storma inn i boksen med stor kraft. Han steig opp i lufta og skalla ballen i nettet. Ein betre revansj er vanskeleg å tenke seg for ein midtstoppar og kaptein som stort set har varma benken denne sesongen.

Saman med jubilanten

Samarbeidet med makkeren Steffen Moltu, som fylte 30 år på kampdagen, fungerte godt.

– Eg og Steffen kjenner kvarandre ut og inn, seier Törnqvist.

I dag handterte Hødd det meste, trass i at LFK har nokre av dei beste angriparane i førstedivisjon.

Finnen beskriv eit Hødd som evna å slå tilbake, trass i at dei var uheldige og slapp inn mål dei godt kunne ha vore utan.

Spørsmålet er kva som vil skje med førsteellevaren i neste runde. Den til no vikarierande kapteinen Joakim Wrele kjem då tilbake, etter karantenen som sette han ut av spel i denne kampen. Om Törnqvist klarer å kjempe seg tilbake i førstellevaren til Hødd, vil vise seg i vekene framover.

Les også

  1. Levangers fikk seg en på trynet i opprykkskampen

  2. Törnqvist fikk sin perfekte revansj

  3. Jerv banket Raufoss: - Vi er bunnsolide

  4. Jesper Törnqvist stepper inn som Hødd-kaptein

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Levanger FK