Fotball

Törnqvist fekk sin perfekte revansj

Hødd snudde kampen

Jesper Törnqvist gjorde seg gjeldende mot Levanger. Her roper han ut under en kamp mot Levanger i 2015.
  • Tarjei Engeset Ofstad

HØDD-LEVANGER 3-2

Ti minutt ut i andre omgang fekk Hødd frispark rett utanfor vinkelen til Levanger (LFK) sin sekstenmetar. Christoffer Aasbak valde å legge inn, framfor å skyte.

Akkurat då det såg ut som at ballen skulla gå i klypa på keeper, kasta Jesper Törnqvist seg kompromisslaust inn i boksen. Med stor kraft stanga han ballen i nettet. Ei særs revansjerande utlikning, av kapteinen som stort sett har vore på benken i år. 2-2. Like før 80 minutt spelt, kom Joachim Magnussen seg til skot, smelte av hardt, men skeivt.

Ballen traff ein LFK-spelar, så snappa Shroot den, og plasserte ballen sjølvsikkert i nota.

Hødd-forvandlingen: Poengsnittet under Steinar Lein gir grunn til optimisme.

Kortstokk

I det ordinær tid nærma seg slutten, fekk Hødd eit overtak: Vegard Voll på Levanger fekk sitt andre gule kort, og vart utvist. Dermed spelte Hødd med ein mann meir resten av kampen.

Så kom korta haglande: Torbjørn Kallevåg fekk gult kort for å diskutere med dommaren. Hugues Wembangomo fekk gult for å sparke bort ballen. Til sist vart det gule kortet vist LFK-kaptein Per Verner Rønning fordi han stoppa ein Hødd-overgang på stygt vis.

1. omgang: eitt skritt fram, to tilbake

Hødd opna eventyrleg med å gå opp i leiinga allereie i det femte minuttet. Robin Shroot venda av keeper, og avslutta. Ballen gjekk via ein LFK-stoppar og i fanget på Øystein Vestvatn. Vestvatn heada så rett på stopparen, som ga retur. Den sette Vestvatn kontant i mål med innsida av foten. 1-0 til Hødd.

Etterpå tok det ikkje lang tid før Hødd gjekk på eit solid tilbakeslag. Berre to minutt etter scoringa utlikna Levanger til 1-1. Det var LFKs topscorar Benjamin Stokke som avslutta frå kring 17 meter. Han kunne dermed notere seg sitt ellevte mål for sesongen.

Kvarteret seinare hadde Hødd direkte uflaks då eit skot frå Bendik Bye gjekk via ein stakkars 30-års jubilant: Steffen Moltu. Eit skot som Urke truleg ville ha redda, vart dermed til ein lobb som duppa ned i nota.

Dei blå og dei raude gjekk i garderoben på stillinga 1-2. 30-årsjubilant Steffen Moltu vart holdt litt i feltet i det 37. minuttet. Både han og Blåsarane var tydeleg amper for at det ikkje vart dømt nokon straffe.

Hødd har no slått både serieleiar Kristiansund, og serietoar Levanger heime på Høddvoll. Trass i dårlege resultatar borte, er Hødd eit av førstedivisjons beste heimelag.

Les mer om

  1. Fotball 1. div