Fotball

Eirik Ulland Andersen ikkje med for Hødd

Ulsteinvik-laget må klare seg utan sin toppscorar mot poengdesperate Nest-Sotra.

Eirik Ulland Andersen er ikke med til Sotra. Foto: DIGITALSPORT

  • Vebjørn Bjørkås

Eirik Ulland Andersen har vore den store spelaren for Hødd denne sesongen, og står med ti mål så langt i år. Diverre for Hødd må han stå over dagens viktige bortekamp mot Nest-Sotra.

Det er usikkert kvifor han ikkje er med mot nedrykkstruga Nest-Sotra.

  • Følg Nest-Sotra-Hødd og chat med vår reporter underveis — se nederst

Nest-Sotra «må» vinne resten

I fjorårssesongen på Ågotnes vann Hødd 1-0 etter scoring av Robin Shroot. Det var også der Ulland Andersen fekk sin stygge beinbrotsskade.

I våroppgjeret på Høddvoll leia Hødd 3-0 etter 60 minutt, men heldt på å gleppe alle tre poenga etter to scoringar i andre omgang av noverande Brann-spelar Steffen Lie Skålevik. Men Hødd heldt unna, og vann til slutt 3-2. Situasjonen for dagens Hødd-motstandar er at dei truleg må vinne alle dei fem siste kampane for å overleve i 1. divisjon. Nest-Sotra ligg før helgas runde på nest siste plass på tabellen, med åtte poeng opp til sikker plass.

Shroot framleis på benken

Dei som hadde håpa å sjå fjorårets matchvinnar på Ågotnes frå start, må framleis vente. Hødd-trenar Sindre Eid vel å gi Michael Karlsen fornya tillit på topp for Ulsteinvik-laget i staden for Shroot.

Som erstattar for Ulland Andersen kjem Joachim Magnussen inn i angrepet. Magnus Myklebust blei klar til dagens kamp, og erstattar Torbjørn Kallevåg på høgrekanten.

Kallevåg blir flytta ned på midtbanen, der Joakim Wrele er ute av laget grunna for mange gule kort.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Vegard Heltne – Ole Amund Sveen, Fredrik Aursnes, Torbjørn Kallevåg – Magnus Myklebust, Michael Karlsen, Joachim Magnussen

Benken: Ole-Monrad Alme, Christoffer Aasbak, Darnel Situ, Erik Sandal, Robin Shroot, Sondre Beite, Martin Mork Breivik

Nest-Sotra (4-2-3-1): Øystein Øvretveit – Mats Walberg, Max Bjørsvik, Petter Martinsen, Mads Nielsen – Øystein Aksnes, Jone Rugland - Kristoffer Zachariassen, Joakim Hammersland, Andre Sødlund – Alagie Sosseh

Benken: Henrik Hansen, Simen Næss, Johnny Furdal, Thor Kristian Ekerhovd Økland, Petrit Zhubi, Aron Runarsson Heiddal, Erlend Larsen

Følg Nest-Sotra-Hødd og chat med vår reporter

Les mer om

  1. Fotball 1. div