Nå er Hødds håp om direkte opprykk ute

Hødd makta ikkje å slå botnlaget Fløy. Dermed vinn Skeid 2. divisjon og rykker direkte opp. No er det andreplassen og kvalifisering som gjeld.

POENGDELING: Håpet om direkte opprykk er ute for Hødd.

FLØY-HØDD 1–1

Klubben frå Ulsteinvik visste at dei måtte slå Fløy for å halde liv i draumen om direkte opprykk etter at Skeid slo Arendal laurdag. Då Hødd berre klarte 1–1 borte mot Fløy, vart det klart at det ikkje lenger er mogleg for Hødd å rykke direkte opp. No har Hødd og Egersund like mange poeng, men sistnemnde har betre målforskjell.

– Ja, sjølvsagt er vi skuffa. Vi burde ha slått Fløy, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Naglestad

Igjen måtte Marcus Naglestad starte på benken. Toppscoraren slit med ein skade i hælen og kan ikkje spele 90 minutt.

Mot Skeid i førre kamp blei han matchvinnar på overtid med eit magisk hælspark. Også mot Fløy kom sørlendingen inn frå benken og scora. Angriparen skaffa også straffe, sjølv om han bomma frå ellevemetersmerket. Scoringa kom derimot på den etterfølgande corneren.

– Det er ingen tvil om at han har ein innverknad, seier Eid.

Det er viktig for Hødd at spissen kan bidra meir i dei siste kampane.

– Vi har eit håp om å få han klar til dei to siste kampane og eventuelt kvalifiseringa etterpå, forklarer Eid.

KAMPFAKTA
2. divisjon avd. 2
FLØY – HØDD 1–1 (0–0)
MÅL: 1–0 Christoffer Myhre (58), 1–1 Marcus Naglestad (78)
DOMMAR: Jon Romuld Håversen, Gimletroll – 6
GULE KORT: Jakob Toft, Tony Hieu Vo og Dardan Dreshaj, Fløy og Joakim Wrele, Hødd.

Sjansar

Sjølv om Fløy ligg i botnen av 2. divisjon avdeling 2, forventa trenar Eid ein tøff kamp mot eit lag som gjer alt for å unngå eit nedrykk. Også fleire andre lag i nedrykksstriden tok poeng mot lag i toppen denne runden.

– Begge laga kjempa for livet. Det er tøft og jamt mot alle lag, seier Eid.
Den første omgangen mellom laga var roleg, og det kom ingen scoringar.

I andre omgang skapte begge laga fleire sjansar. Det var Fløy som tok leiinga først. Christoffer Myhre slo eit innlegg frå hjørnet på 16-meteren i mål. Naglestad utlikna for Hødd.

– Vi skapte enorme moglegheiter som vi burde ha sett i mål, seier Sindre Eid.