Fotball

– Dette er ein kamp Hødd MÅ vinne – vi MÅ eigentleg ingenting

Hødd banka Brattvåg heile 4-0 på Brattvåg stadion i vår, det var denne kampen som starta ei lang rekke med nedturar for ­Brattvåg.

No er tida inne for revansje, men skal Brattvåg klare det må det bli siger på sjølvaste Høddvoll, og det er ikkje enkelt. Det veit Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft alt om. Han spelte på Hødd i den førre glansperioden til klubben, då Hødd var i eliteserien midt på 90-talet, og det er ikkje lenge sidan han var tilbake der, som assistenttrenar under Steinar Lein.

– Eg har jo notert meg at Hødd kanskje har fått ein liten form-dupp i det siste. For vår del er det å håpe at dei ikkje heilt har kome ut av den enno, seier Brattvåg-trenaren.

Les hele saken med abonnement