Fotball

Hødd gjekk på sitt første heimetap på 14 rundar

Raudt kort og skot på undersida av tverrliggaren: Ingenting gjekk Hødd sin veg då laget gjekk på eit sjeldant heimetap.

Robin Shroot var svært nær scoring for Hødd, men dette var dagen då ballen ikkje ville inn.
  • Tarjei Engeset Ofstad

HØDD — JERV 0-2

I andre omgang, med ein spelar mindre trong Hødd all flaks dei kunne få. I staden vendte marginane seg mot dei blåkvite: Robin Shroot klinka til frå 15 meter, og var så nære det går an å bli: Ballen gjekk via tverrliggaren, på strek, og ut.

Jerv hadde ballen mest i opningsminutta. Etter ti minutt spelt fekk Dani Hatakka gult kort etter ei sein sklitakling. Det skulle bli starten på ein dårleg dag på jobb for finnen. Etter ein halvtime spelt kom Jerv sin kanskje viktigaste spelar Tony Brochmann til sjanse. Etter fint forarbeid med lobb, frå målscoraren sjølv og ut til Alexander Lind, fekk han ballen tilbake. Han gjorde ingen feil frå kort hald, 0-1. ## Raudt kort

Kort tid etter forverra Dani Hatakka situasjonen for eige lag. Ved å kome for seint inn i takling pådrog han seg gult kort igjen - som i reprise! Dermed vart det 10 mot 11 allereie ei god stund før pause. Kaptein Wrele vart flytta ned i midtforsvaret rett etter utvisninga. Han la ned ein forbilledlig arbeidsinnsats resten av kampen.

Jeff Mensah kom inn for Fredrik Sjølstad i pausen, og verka frisk og energisk, men fekk ikkje utretta stort. Tvert imot mista han ballen i farleg possisjon. Lein erstatta Sereba med Beite i omgangen knappe tjue minutt seinare. Sereba kom til, skot og frustrasjonen over å ligge under viste seg: Sjølv om han skaffa hjørnespark til laget, slo han oppgitt ut med armane, over å ikkje treffe skikkeleg.

Makteslause

Som i starten av første omgang dominerte Jerv starten av den andre. Og det fekk konsekvensar. Alexander Lind som skaut hardt i stonga og ei feberredning frå Urke, der Wrele sto på strek og tok unna returen: det kunne blitt mange baklengsmål. Eirik Haugstad kom litt for lett til skot, nytta høvet og sette den i lengste. 2-0. Medan Jev scora mål, sleit Hødd med å gjere halvsjanser om til noko meir. Heimelaget verka skremande makteslause heime på Høddvoll. Likevel ligg laget framleis hårfint over nedrykkstreken.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. FK Jerv