Fotball

Håper på over 2000 tilskodarar

Kvinnelandslaget vil avslutte med stil når dei skal spele på Høddvoll måndag mot Israel. Den lokale støtta til kampen aukar stadig.

Meir jubel: Det norske kvinnelandslaget møter Israel på Høddvoll til EM-kvalifisering måndag kveld. Etter seier hele 10–0 over Kasakhstan i Molde torsdag, kan det bli meir jubel i måndagens kamp. Norge er uansett utfall kvalifisert seg til EM-sluttspelet. NTB Scanpix

  • Kristian Stenerud

Då Norge slo Kasakhstan heile 10–0 i EM-kvalifiseringskampen torsdag, var det 2315 tilskodarar på plass på Molde stadion. Hødd er spente på kor mange som kjem på måndagens kamp.

– Vi har eit mål om å selje over 2000 billettar, og det håper og trur eg er mogleg, seier økonomisjef Kari Mette Sundgot i Hødd.

Les også

Fotballjentene vant landskamp utrolige 10-0

Les også

Norges landslagsspiller klarte ikke å holde tårene tilbake

1500 billettar

Då vi snakka med ho i går ettermiddag var det seld like over 1500 billettar til kampen.

– Eg vil seie vi har hatt ganske bra pågang dei siste dagane, så blir det nok seld ein del på kampdagen. Vi skal ha eit arrangement i Saunesparken i Ulsteinvik laurdag der vi sel billettar og det er mogleg å møte landslagsspelarane, seier Sundgot.

I fjor haust spelte kvinnelandslaget på Color Line stadion, men no var det Høddvoll som fekk sjansen. Det kan gje gode inntekter for klubben.

Les også

Ada har Europa for sine føtter: - Jeg er veldig stolt

Beheld inntekter

– Vi beheld billett – og kioskinntektene sjølve, så det er ei god løysing for oss. Det er stort og kjempekjekt å få vist fram det fine anlegget vårt. Det er mykje ekstrajobb å arrangere landskamp, men det er kjekt og verdt det, seier ho.

Geir Hansen jobbar vanlegvis som sport – og utviklingsleiar i Hødd, men kjem no til Høddvoll som assistenttrenar på kvinnelandslaget. Han trur på siger i måndagens kamp mot Israel.

Les også

Hegerbergs oppskrift for norsk mesterskapssuksess

Klare favorittar

– Det var enn kjempesuksess med EM-kvalifisering i Ålesund i fjor, så eg håper det kjem mykje folk på måndag. Det er mykje bra entusiasme rundt landslaget i fylket, seier Hansen.

Israel ligg sist i EM-kvalifiseringsgruppa med berre to poeng på sju kampar. I det omvende oppgjeret vann Norge 1–0. – Det er ikkje tvil om at vi er favorittar, og vi har lyst til å avslutte godt sjølv om vi allereie var klare for EM før kampane mot Kasakhstan og Israel. Vi har lyst å teste ut litt spelarar når vi har sjansen til det, seier han.

  1. Les også

    Hegerberg om kåringen: - Håper unge jenter bruker det for alt det er verdt

  2. Les også

    Ada Hegerberg - Artig å spille så nærme hjemme

Les mer om

  1. Kvinnelandslaget fotball

Relevante artikler

  1. FOTBALL

    I dag jaktar Hødd revansje

  2. FOTBALL

    Nevstad gir seg etter 30 år: - Ei tung avgjersle å ta

  3. FOTBALL

    Hødd skal teste to nye spelarar mot Molde

  4. FOTBALL

    Nevstad tek ikkje av: – No må vi alle saman halde trykket oppe framover

  5. FOTBALL

    Hødd feila mot botnlag: – Står fram som sjølvgode

  6. FOTBALL

    – Dette er ein kamp Hødd MÅ vinne – vi MÅ eigentleg ingenting