Fotball

Blåsarane har framleis trua på Hødd

Atle Moldskred er talsmann for Hødd sin supporterklubb Blåsarane, og i lag med andre er han klar på at åtte poeng så langt er langt under forventningane.

Blåsarane lover framleis unison og full støtte til Hødd. Men no må det bli to strake sigrar, voner talsmann Atle Moldskred. (Arkivfoto)
  • Helge Skuseth

– Vi klarar ikkje å få ballen i mål, det er vel kortversjonen av kvifor vi slit så veldig. Det hastar med å plukke poeng, seier han.

Men Moldskred og dei fleste Blåsarane har framleis tru på prosjektet til Hans-Erik Eriksen.

– Vi spelar jo periodevis god fotball. Men når sluttresultatet ikkje fører til scoringar, så vil vi slite. Men eg har stor tru på at dei to neste kampane vil løfte oss ut av hengemyra, seier han.

Les også

Hødd i poengnød: Viker ikke en tomme

Og det er altså heimekampar mot botnrivalane Raufoss og KFUM Oslo.

– Der må det bli seks poeng, noko anna er ikkje til å tenke på. Klart at det slit på sjølvtilliten hjå spelarane når dei ikkje får resultat, og difor er det så viktig at sigrane kjem no. Når vi treng dei som mest, vonar Atle Moldskred.

– Er du nøgd med dei nye spelarane som trenaren tok med seg?

– Det har vore litt av og på. Men det er heller ikkje enkelt for desse å kome inn eit lag som slit tungt. Vi må berre stå opp for laget vårt, og satse på at alt ordnar seg. Og det har vi trua på! Vi skal gje alt for Hødd, no og framover, lover Moldskred.

Les også

  1. Hødd-trenar Eriksen: – Deilig, men utilstrekkeleg

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd