Fotball

Shroot-scoring til ingen nytte mot Kongsvinger

Hødd tapte 2-1 og får ikkje med seg poeng heim.

Shroot.jpg
  • Tarjei Engeset Ofstad

Etter tre kampar utan tap, måtte Hødd igjen sjå eit bortenederlag i auga. Det trass i at Robin Shroot scora igjen, som han gjorde mot både Ranheim, KFUM og Kristiansund. Det var eit presist innlegg frå Christoffer Aasbak som til slutt fann nord-iren. Han fekk stå på bakre stolpe og putte slik han likar best: kontrollert med innsida av foten. Det heldt til redusering, men Hødd fekk aldri utlikna.

Les også

-Må komme oss ut av gjørma

Spelte 11 mot 10 i sluttminutta

Kongsvinger spelte dei siste ti minutta med berre ti mann. Fredrik Mani Pålerud pådro seg sitt andre gule kort for kampen i det 83. minutt. Det var etter at han felte Christoffer Aasbak hardt. Diverre for Hødd hjalp ikkje dette på sluttresultatet.

1. omgang – der KIL avgjorde kampen

KIL starta kvassast med to hjørnespark og fleire gjennombrot det første femminuttet. Deretter var det lenge jamt. Hødd oppnådde større defensiv kontroll. Laga kriga, men skapte lite i minutta som følja. Robin Shroot låg høgt og tøya offsidelinja til KIL, utan å skape noko farleg. Han gjekk i offside gjentekne gongar i kampen.

Så felte Steffen Moltu Mats Moldskred, slik at heimelaget fekk straffespark. Moldskred tok det sjølv og Urke slengte seg til rette side. Straffa var likevel såpass hard og godt plassert at ballen gjekk i nettet. 1-0 til Kongsvinger og det tiande målet til Moldskred for sesongen.

Berre eit drygt feminutt etter KIL sitt første mål følja dei opp med enda eitt. Eit vakkert frispark frå Johan Venneberg, frå kring 20 meters skrått hald syta for 2-0. KIL har flest mål av alle i førstedivisjon i år.

Les også

Aalesund nye signering fikk beskjed om å ta det med ro av Suárez

Wrele må stå over neste kamp

Rett før pause pådrog Karl Joakim Wrele seg gult kort fordi han hindra ein overgang. Han må stå over neste kamp. I denne runda var Bendik Dybdal Torset ute med skade, og Eirik Ulland Andersen fylte rolla has. Didrik Sereba spelte ving medan Ulland spelte midtbane. Smp.no kjem tilbake med meir om kva for skade Torset var ute med og når han kan ventast å vere tilbake.

Hødds beste: Blåsarane. Dei kring 15 oppmøtte frå Blåsarane utklasserte heimepublikummet på entusiasme og lydnivå, diverre tapte laget på banen.

Mest lest akkurat nå

  1. 1
    NORGE
    Publisert:

    Ekspert om at broen er knekt flere steder: – Virker litt underlig

  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5