Fotball

– Me er som Robin Hood

Erik Sandal var tilbake i Hødd-laget etter nesten to heile sesongar utan startplass for Ulsteinvik-laget. Det blei ein skuffande affære, der Hødd nok ein gong tapte som soleklare favorittar.

- Det er litt oss i eit nøtteskal i år, seier Erik Sandal om Hødds tap mot Hønefoss.

  • Vebjørn Bjørkås

For med åtte minutt igjen av kampen dukka William Warshaw opp på ein retur inne i feltet og sikra 1-0-siger til 1. divisjons jumbolag. Som så mange gonger før i år tapte Hødd ein kamp dei på førehand skulle ha få problem med å vinne.

–Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det er litt oss i eit nøtteskal i år. Me får det ikkje heilt til mot dei laga som ligg lenger ned på tabellen. Me er litt som Robin Hood – me tek frå dei rike og gir til dei fattige. Dette er ein kamp me skal vinne, seier ein skuffa Sandal tilsmp.noetter kampen.

Også Hødd-trenar Sindre Eid var svært skuffa etter tapet, og var lite nøgd med eige lags prestasjon mot 1. divisjons sisteplass.

–Det er berre å kalle ein spade for ein spade. Det me leverer i dag er ikkje godt nok, seier ein tydeleg irritert Eid tilsmp.noetter kampen

— Må vinne to av kampane

Etter at Ranheim slo Fredrikstad 4-0 på heimebane, gjekk dei forbi Hødd på tabellen på betre målskilnad. Ulsteinvik-laget ligg no på 6. plass – eitt poeng føre Jerv på 7. plass.

Med tre kampar igjen, der to av dei er borte mot Fredrikstad og Brann, blir kampen om play-off plutseleg svært mykje vanskelegare enn det såg ut for berre få veker sidan.

–Me må vinne to av dei sannsynlegvis. Me må i alle fall ta fire poeng. Det ligg framleis i våre hender. Men presterer me som i dag, vinn me ikkje fleire kampar, seier Eid.

At Hødd no har press på seg for å levere i antatt mykje tøffare kampar enn dagens, meiner Sandal berre er greitt.

–Det passar oss fint. No må me levere mot god motstand på bortebane, seier han.

Blei banens beste i returen

Av ein lokal jury blei Sandal kåra til Hødd sin beste spelar mot Hønefoss. Det var eit lite plaster på såret for den skadeplaga 32-åringen.

–Det tar eg med meg vidare i det som har vore to tunge år. Det er veldig kjekt endeleg få spele på nye Høddvoll. Det har eg faktisk ikkje gjort før, seier han med eit tappert smil.

Les også

  1. Hødd tabba seg ut mot Hønefoss

  2. Her taper Hødd mot bunnlaget med åtte minutter igjen

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Erik Sandal
  3. Hødd
  4. Hønefoss BK