Fotball

To magiske minutt avgjorde for Hødd

Eirik Ulland Andersen med ei ny perlescoring då Hødd fekk sin revansj mot Bærum på Høddvoll.

  • Vebjørn Bjørkås

HØDD — BÆRUM 4-2

Hødd hadde mykje å revansjere mot Bærum etter to forferdelege kampar mot laget dei siste to serierundane. Hødd stod også med berre ein siger på dei seks siste kampane i serien, og var avhengig av å ta tre poeng for å henge med i kampen om dei direkte opprykksplassane til Tippeligaen.

Men det var Bærum som opna kampen på Høddvoll best. Den første sjanse kom etter rundt seks minutt, då eit passivt Hødd-forsvaret blei ståande å sjå på at Riki Alba blei spelt gjennom midtforsvaret til Ulsteinvik-laget.

Eirik Ulland Andersen. Foto: Svein Olav Humberset (arkivfoto)

Bomma i avslutningaI det Alba skulle sette ballen forbi ein utrusande Aslak Falch, bomma spissen som er leigd ut av Vålerenga på ballen, og fekk ikkje til ei skikkeleg avslutning. Hødd var heldige som slapp med skrekken etter veldig svakt forsvarsspel.

Like etterpå var Alba og Bærum nok ein gong på pletten. Alba tråkla seg enkelt forbi Hødd-forsvaret, og denne gongen fekk han til ei bra avslutning. Men heldigvis for Hødd small forsøket i stolpen. Returen fekk ikkje Hødd klarert, og Anders Emil Nedrebø fekk til ei avslutning frå utanfor 16-metren. Men forsøket frå Bærum-backen .gjekk like utanfor.

To mål på fire minutt

Og like etter kvarteret var spelt satt den for Bærum. Moussa Njie drog seg fint inn i Hødd-feltet og kom seg enkelt ned til dødlinja og fekk slått inn. Der fann han tidlegare Hødd— og AaFK-spelar Kristoffer Tollås på bakre stolpe. Forsøk nummer èin blei redda på meisterleg vis av Falch, men på forsøk nummer to var det ingen tvil frå Tollås, som banka ballen opp i nettaket til ei fortent 1-0-leiing over Hødd.

Men Hødd brukte ikkje lang tid på å svare. Utlikninga kom berre to minutt etter ved midtstoppar Steffen Moltu. Han fekk enkelt gå opp på ein presis Christoffer Aasbak-corner, og på bakre stolpe heada han kontant inn 1-1 for Hødd.

Ulland Andersen i tverrliggar

Like etter halvtimen stod metallet i vegen for at Ulland Andersen kunne gi Hødd leiinga. Etter ein ny god corner av Aasbak, som blei stussa bakover i feltet, fekk Hødds toppscorar til ei god heading som small rett i tverrliggar.

Fem minutt seinare var det Bærum som var svært nære på å gå opp i 2-1. Først var det Riki Alba, som hadde ein god 1. omgang, som fekk skutt mot målet til Hødd. Falch måtte gi ein skummel retur, som målscorar Tollås kasta seg fram på. Headinga frå Tollås var bra, og Falch måtte kaste seg etter avslutninga for å avverge scoring.

Meir skjedde det ikkje på Høddvoll, i det som var ein svært artig og underhaldande omgang. Begge lag hadde mykje folk med i angrep, tempoet var høgt og talet på sjansar mange. Bærum var kanskje hakket kvassare enn heimelaget, men alt i alt må også Hødd vera godt nøgd med det dei presterte dei første 45 minuttane.

Myklebust med kjempesjanse

Hødd fortsette i 2. omgang der dei slapp i den første omgangen. Etter drygt ti minuttar med mykje press og ballinnehav, fekk Magnus Myklebust alle tiders mogelegheit til å sende Hødd opp i 2-1. Jonas Ingebrigtsen drog seg fint ned langs linja og slo eit perfekt innlegg langs bakken til Hødd sin kantspelar. Men Myklebust feila totalt i avslutinga, og ballen sklei av foten i staden for å gå inn i mål.

Like etter fekk Aasbak både èin og to mogelegheiter til å score, men både halvvolleyforsøket og avslutninga langs bakken fann ikkje nettmaskane i målet til Bærum-keeper Kris Devaux.

To magiske Hødd-minutt

Etter å ha pressa sidan starten av 2. omgang, fekk Hødd uttelling i det 66. minutt. Som tidlegare denne sesongen var det den fantastiske foten til Ulland Andersen som gav Hødd leiinga. Frå rundt 20 meter vendte haugesundaren opp og banka til med høgrefoten. Ballen gjekk i ein vakker boge opp i krysset. Heilt utagbart for Bærum-keeren.

Like etterpå var Bendik Torset frampå og auka til 3-1 for Hødd. Etter fint Hødd-spel prøvde midtbanespelaren lukka frå like utanfor 16-meteren. Avslutninga med venstrefoten var klasse, og ballen trilla inn i mål til vill jubel blant Hødd-spelarar og publikum.

Myklebust fjerna all tvil

Men jubelen stilna fort då Njie tuppa inn reduseringa til 3-2 like etter. Eit innlegg blei slått inn langs bakken frå venstresida, og ein umarkert Njie fekk ei enkel oppgåve med å sett inn reduseringa for Bærum.

Hødd-publikumet rakk ikkje å uroa seg lenge. For berre fem minutt etter fjerna Myklebust all tvil, og auka til 4-2 etter eit fint gjennomspel mellom Bærum-stopparane. Aleine med keeper gjorde Myklebust alt riktig, og sette kontrollert inn 4-2 bak Bærum-målvakta.

Bærum klarte aldri å sette eit skikkeleg press for å få med seg noko frå kampen, og Hødd var aldri i nærleiken av å gi frå seg alle tre poenga. Med 4-2-siger over Bærum befesta Hødd sin posisjon i toppen av ligaen, og distanserte samstundes avstanden ned til Bærum til sju poeng.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Bærum SK

Flere artikler

  1. FOTBALL
    Publisert:

    Aasbak avgjorde for Hødd

  2. FOTBALL
    Publisert:

    Moltu stanga Hødd tilbake i opprykkskampen

  3. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd sløste vekk sigeren mot Ranheim

  4. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd tabba seg ut mot Hønefoss

  5. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd rundspelt av Ranheim

  6. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd missa heime mot Strømmen