I ei lita bygd på Sotra vaks dei opp 50 meter frå kvarandre. I helga skal begge spele cupfinale.
Karoline Isabell Bakke Lauten (27) og Jakob Glesnes (24) flytta frå heimbygda som 16-åringar for å jakte fotballdraumen. No kan han verte oppfylt.
GODE NABOAR: Karoline Isabell Bakke Lauten og Jakob Glesnes vaks opp i havgapet på Sotra. Sjølv om det er nokre år mellom dei, kjenner dei kvarandre frå barndommen. Foto: Marita Aarekol
STEINSLAND: Molovegen er ikkje så lang. Frå landhandleriet på Steinsland kai strekkjer han seg om lag 100 meter, så deler han seg i to. Ein molo til høgre, eit nettverk av motbakkar til venstre.
I bakkane aka dei då dei var små, naboane Karoline Isabell Bakke Lauten (27) og Jakob Glesnes (24). Om vintrane samla alle barna i bygda seg på toppen, og suste til botn på kjelkane sine. Til naustet. Moloen. Havet.
Les hele saken med abonnement