Fotball

Øygarden-sjefen forklarar kvifor han plutseleg trekte seg frå jobben

– Eg trur ikkje på toppfotballprosjektet i Øygarden over tid om ein set det lokale først, seier Arve Haukeland, sportssjefen som har trekt seg frå Øygarden FK.

Arve Haukeland seier han ikkje trekkjer seg på grunn av konflikt, men fordi han har vore usamd.

Han har betre tid til middagslur heime på Ågotnes no, Arve Haukeland. For dei travle dagane med jobben som sportssjef for det som er norsk toppfotballs kanskje fattigaste klubb – Øygarden FK – er no over. Måndag vart det endeleg klart at han trekker seg frå stillinga han har hatt i Nest-Sotra sidan 2015 og skulle ha framover i Øygarden.

Grunnane er mange og samansette.

Les hele saken med abonnement