Hødd på forsvarsjakt
Ettersom Eirik Skaasheim har returnert til Sogndal er Hødd på spelarjakt i sommar.
- Joakim Rødven
Den innleigde spelaren spelte alle minutta av dei første 15 seriekampane for Hødd på vårparten. No har derimot låneavtalen med eliteserieklubben Sogndal gått ut, og Hødd er dermed ein spelar i «manko» i forsvarsleddet, ifølgje hovudtrenar Steinar Lein, som tok over for tidlegare trenar Hans-Erik Eriksen tidlegare i sommar.
– Vi leitar litt der, men utanom det så føler vi at vi er bra besett. Akkurat no så leitar vi ikkje etter så veldig mykje meir enn akkurat ein forsvarsspelar, seier Lein, som nyleg har kome tilbake etter ein ferie med familien i Sverige.
Hødd-trenaren: - Kom inn i ein vond sirkel
Ønskjer fleksibilitet
Skaasheim var ikkje med i dei to siste kampane før sesongpausen. Det gjorde at tidlegare AaFK-spelar Hugues Wembangomo vart brukt som høgreback. Lein var derfor ikkje heilt bastant på at ein ny høgreback er spesifikt det Hødd er på jakt etter når dei skal prøve å hente inn ein erstattar for Skaasheim.
– Hugues spelte høgreback dei siste par kampane og han trivst godt der. Vi ser derfor mest på ein spelar som kan spele både back og kanskje også midtstoppar, seier Steinar Lein.
Hødd starta sesongen med å bruke Wembangomo og visekaptein Joakim Wrele som eit stopparpar, men har i seinare tid flytta Wrele opp igjen i midtbaneleddet og gitt ny tillit til stopparen Steffen Moltu i midtforsvaret.