Sindre Eid gjer ei endring på laget mot Bærum
Bømlingen Torbjørn Kallevåg erstattar ein skadd Magnus Myklebust til dagens kamp mot Bærum.
VEMODIG: Søndagens kamp mot Bryne blir den siste for blåtrøyene på Høddvoll. – Det er klart det blir vemodig, men vi har mye glede oss over fremover. Vi får en ny arena og starter en ny æra i klubbens historie, sier Sindre Eid. Foto: Marius Bøstrand
- Vebjørn Bjørkås
Seks dagar er gått sidan Hødd sendte Brann heim i skam etter å ha utklassa bergenslaget 3-0 på nye Høddvoll. Etter to heimekampar på rad mot opprykkskandidatar, ventar det no bortekamp mot antatt svakare motstand for Hødd denne søndagen.
Svak sesongopning
I motsetnad til Ulsteinvik-laget har Bærum fått ein svak start på sesongen, og står med berre eitt poeng etter lagets tre første kampar. Det poenget kom i heimekampen mot Follo, då Kristoffer Tollås berga poeng med si scoring i andre omgang.
No møter dei eit Hødd-lag som er fulle av sjølvtillit etter Brann-kampen. Det betyr at Bærum må opp eit hakk frå 1-3-tapet mot Strømmen førre helg om dei skal ha sjanse mot Hødd i ettermiddag.
Hødd best på La Manga
I møtet mellom klubbane på La Manga under årets sesongoppkøyring var Hødd det klart beste laget, og vann fullt fortent 2-0 over gultrøyene. Spesielt andreomgangen i den kampen var positiv for Hødds del, og det kunne fort blitt større differanse enn dei to scoringane der.
Også i fjorårets kamp på Sandvika stadion vann Hødd etter ei scoring av Franjo Tepuric på overtid. Heime på gamle Høddvoll derimot fekk Bærum sin revansje då dei banka Hødd 4-0 på bortebane.
Debuterer frå start
Frå laget som slo Brann gjer Sindre Eid ei endring. Magnus Myklebust er ikkje i troppen mot Bærum grunna skade, og blir erstatta av Torbjørn Kallevåg, som får sin første seriekamp frå start for Hødd.
Den tidlegare Vard Haugesund-spelaren, som scora i cupkampen mot Herd torsdag, tek plass ute på kanten for blåtrøyene.
Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Joachim Wrele, Fredrik Aursnes – Eirik Ulland Andersen, Michael Karlsen, Torbjørn Kallevåg
Benken: Ole-Monrad Alme, Erik Sandal, Ruben-Kenneth Brandal, Benjamin Mork Klepe, Sondre Beite
Bærum (4-4-1-1): Grzegorz Flasza – Anders Emil Nedrebø, Rasmus Isegran, Matias Pedersen, Mounir El-Masrourim – Simen Juklerød, Kristoffer Tollås, William Warshaw, Mounir Benmoussa – Andreas Aalbu – Riki Alba