Fotball

Törnqvist startar mot Ull/Kisa

Jesper Törnqvist får nye sjansar som midstoppar og kaptein, fordi Joakim Wrele brått har blitt forkjøla.

Jesper Törnqvist starter mot Ull/Kisa.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Törnqvist har slitt med å få speletid i år, trass i at han vart utnemnt til kaptein før sesongstart. Sist han fekk spele frå start gjorde han kritikarane til skamme: Då slo Hødd sterke Levanger 3-2 på Høddvoll, og Törnqvist scora eit flott mål med hovudet.

I tillegg til Wrele er også dødballtakar Christoffer Aasbak ute. Aasbak må stå over grunna gule kort. Det kan bli spennande å sjå kven som får ta hjørne— og frispark for gjestane frå Ulsteinvik.

Hødd sitt nyaste tilskot, Jeff Mensah frå Viborg, er med på benken. Den nest nyaste spelaren Dani Hatakka, er på banen frå det første sekundet. På benken finn vi lokale, unge talentar som Sondre Sandnes Beite og Martin Mork Breivik.

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke – Hugues Wembangomo, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist (K), Dani Hatakka – Fredrik Sjølstad, Bendik Dybdal Torset, Torbjørn Kallevåg – Didrik Sereba, Robin Shroot, Joachim Magnussen.

Benken: Ole Monrad Alme, , Bendik Rise, Øystein Vestvatn, Martin Mork Breivik, Sondre Sandnes Beite.

Ull/Kisa (4-1-4-1): Sean McDermott – Jan Tore Amundsen, Thomas Båtnes Braaen, Vetle Winger Dragsnes, Martin Rosenkilde – Truls Jørstad (K) – Christian Aas, Kristoffer Ødemarksbakken , Fredrik Krogstad – Nicolay Solberg – Riki Tomas Alba.

Benken: Alexander Vangen, Fredrik Johansen Mundal, Karsten Rognerud, Martin Filip Falkeborn, Markus Nerbøvik Stensby, Sverre Martin Torp.

Fire strake på heimebane

Ull/Kisa står planta i nedrykksgjørma, på 14. plass. Hødd klatra på si side opp på 10. plass, etter triumfen mot Mjøndalen 25. august.

Østlendingane har ikkje vunne på bortebane denne sesongen, i likskap med Hødd. På heimebane har Hødd-motstandaren derimot tatt tolv av tolv poeng på fire kampar. Oppgåva dei blåkvite har føre seg på framandt dekke, er derfor langt tøffare enn kva tabellposisjonane tilseier.

Verdt å vite om Ullensaker/Kisa:

· Idrettslaget vart skipa allereie i 1894, då som Ulllensaker skiklubb

· Debuterte i førstedivisjon i 2012

· Nådde kvalifiseringsplass (utan opprykk) i sin aller første sesong på nest øvste nivå

· Var nede i 2. divisjon i fjor, rykka raskt opp igjen.

· Espen Standal (24), frå Ørsta, gjekk frå Hødd til Ull/Kisa 2014 (ute med skade no)

Les mer om

  1. Fotball 1. div