Fotball

Bortemarerittet held fram for Hødd

Det sjuande bortetapet for sesongen kom mot Mjøndalen.

TUNGT: Ein skuffa Eirik Ulland Andersen fortviler mot Mjøndalen torsdag kveld.
  • Tarjei Engeset Ofstad

MJØNDALEN — HØDD 3-0

Dei blå og kvite såg i periodar ut til å ha meir kontroll enn då dei vart overkjørt mot Jerv. Strukturen i laget verka meir stabil. Like fullt var Mjøndalen i ein heilt anna klasse offensivt og scora tre mål.

Medan Hødd-spelarane til tider fyrte av nærmast desperate skot, trilla Mjøndalen ball i og rundt Hødd sin sekstenmetar og beigeistra eiget publikum.

Tidlegare LSK-spelar varta opp med klassefotball

I det 10. minutt var Mjøndalen sin farlegaste spelar Amahl Pellegrino spelt fram mot mål. Rettvendt sette han stor fart mot målet og Jan-Lennart Urke. Pellegrino bråstoppa, snudde seg og sentra ballen til lagkameraten Erik Midtgarden som kunne trille ballen i opent mål. Usjølvisk og smart assist av kampens beste spelar, nemleg Pellegrino.

Han trakka over i andre omgang, men det var ikkje verre enn at han heldt fram med å spele, til stor glede for heimepublikumet. Også på mål nummer to var Pellegrino mannen som dro i spakene. Han skaut, Urke ga retur. Mathias Fredriksen heiv sig inn fekk putta ballen i nettet. Pellegrino fekk signere den siste scoringa sjølv: eit skot som skifta retning då det traff Wembangomo gjorde Urke sjanselaus.

Keeperen kritisert på Twitter

Jan Lennart Urke hadde ikkje den beste kampen i sitt liv.

«Hva var det jeg sa om Urke? Roter det fælt til. Har vært god tidligere, men holder ikke mål...».

«Han keepern til Hødd har ikke helt dagen...»

Dette var blant det som enkelte skreiv om «Jalle» sin innsats, på Twitter undervegs i kampen. Om dette er sant eller ikkje, er det delte meiningar om. Men, mellom anna hadde ikkje scoring nummer to kome om keeperen hadde tatt ballen i hendene, eller i det minste styrt han vekk ut til sida.

Ulland la ikkje pasningar

Hødd pressa på periodar og kom til mange frispark. Eirik Ulland Andersen var tilbake etter to kampars utestenging. Han har kanskje Hødds beste skotfot, men mot Mjøndalen traff han ikkje på stort.

Tidleg i andre omgang kom Ulland aleine med keeper, men sendte ballen høgt, hardt til side for mål. Nokre minutt seinare skaut han på krysset, men keeper Marco Priis Jørgensen redda. Ulland Andersen skulle gjere alt sjølv og spelte knapt ein einaste pasning. Det i motsetnad til Mjøndalens Pellegrino som spelte lagkameratane gode.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Mjøndalen IF
  3. Hødd