Fotball

Sjanserik kamp endte med Hødd-siger

Etter utallige sjansar klarte til slutt Eirik Ulland Andersen og sende ballen i mål, og det på vakkert vis.

Hødd jubler for Eirik Uelland Andersens matchavgjørende scoring.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Hødd — Raufoss 1-0

Hødd herja med Raufoss dei siste 25. minutta av kampen. Shroot skaut fleire ballar midt på keeper, andre bomma. Omsider gav trykket mot Raufoss utteljing. I det 81. minutt kom Ulland Andersen i favorittposisjon, på skothald frå 16–17 meter. Han sende ballen høgt, og la han vakkert i nettet i motsett side.

Les også

Ulland: – Starten på ein opptur

1. omgang: sjanserik, men mållaus

Hødd opna med brodden ute, men var likevel ikkje giftige framfor mål. Ulland Andersen vann ballen rett utanfor sekstenmeteren, spelte til Shroot, men engelskmannen fekk ballen på hælen og den spratt vekk. Det vart ropt om skot frå Ulland, på tribunen.

I det 9. minutt kom Ulland Andersen seg til skot frå 25 meter. Ballen fekk ein stuss i bakken. Raufoss-keeper Lauvli slengde seg ned og redda.

Og så like før pause: Ulland Andersen dreg seg gjennom, nesten heilt nede ved sida av femmeteren, ballen blir tuppa ut av Raufoss-spelar. Ulland blir liggande på magen rett framfor Blåsarane som klappar og hoiar han opp.

Eit offensivt bortelag

Raufoss er eit lag som heller angrip enn å legge seg i forsvar, også på bortebane. I det 22. minutt oppnådde laget frispark godt inne på Hødds banehalvdel. Det vart slått hardt inn i feltet. Jan-Lennart Urke rykka ut og boksa. Keeper fekk ikkje ballen unna, men hamna derimot ute av posisjon, så målet stod opent. Dommaren blåste av for angrep på keeper i krigen som oppstod i kjølvatnet.

Raufoss sin Alonso Sanches Gonzales fekk gult kort.

I det 61. minutt skaut Raufosspelaren med namnet Rocky Lekaj hardt med feil fot. Jan-Lennart Urke kasta seg og fekk redda. Ballen sneidde stonga.

Seine byter

Kampens første byte kom ikkje før i det 70. minutt. Då tok Eriksen av Didrik Sereba og Fredrik Sjølstad. Inn kom Bendik Dybdal Torset og ungguten Sondre Beite.

I det 89. minutt kom Jesper Törnqvist inn for Robin Shroot som ikkje hadde ein stor dag som spiss.

På overtid fekk Jan Lennart Urke med naud og neppe dulta ballen over tverrliggaren. Kampen hadde nerve til siste berøring.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd