Fotball

Mjelde kallar Landro for uprofesjonell. – Det heng vel saman med at han pleier å trena eit bunnlag og eg eit topplag, svarar Landro.

Øygarden snudde kampen og tok ein svært viktig seier mot Sandnes Ulf. Etterpå braut det ut ordkrig mellom trenarane.

– Det Steffen Landro sa før kampen var tema på spelarmøtet vårt, seier Mons Ivar Mjelde. Ørjan Deisz

Øygarden FK – Sandnes Ulf 2–1

Vestlandshallen: At det kom til å bli ein spesiell laurdag ettermiddag, var det aldri tvil om. Øygarden måtte vinna for å ha håp om å unngå nedrykk. Gamletrenar Steffen Landro kom med sitt Sandnes Ulf og trong poeng for å sikra seg ein plass i opprykkskvaliken.

Les hele saken med abonnement