Fotball

Grodås: - Nyland er like god som Buffon

  • Øystein Vik

RIVALAR: Noregs landslagstrenar Frode Grodås (heilt til høgre) meiner at Ørjan Nyland er vel så god som Italias keeperlegende Gianluigi Buffon (til venstre). Foto: NTB scanpix

- Buffon flyt ein del på namnet sitt, seier keepertrenar Frode Grodås.

Han er ein person dei fleste umiddelbart ser opp til, Noregs nye landslagskeeper, Ørjan Håskjold Nyland. I første omgang fordi han med sine 192 centimeter er høgare enn dei fleste. Og så, når han opnar munnen, og avslører at på innsida av viking-looken, så bur det ein sjølvsikker og reflektert kar — med høge ambisjonar.

- Målet mitt er å spela for ein av dei beste klubbane i ein av dei fire beste ligaene i Europa, altså ein av rundt 16 klubbar. Det betyr at eg må verta god. Veldig god.

Kapabel er Nyland allereie. Så kapabel at ein av Noregs beste keeperar nokosinne - Frode Grodås, noverande keepertrenar på landslaget - meiner at Nyland allereie er på nivå med onsdagens motstandarkeeper Gianluigi Buffon. I dei flestes auge snakkar vi då verdsklasse.

36 år gamle Buffon er kaptein på Juventus og Italia, vart verdas dyraste keeper då Juventus kjøpte han frå Parma i 2001 for over 300 millionar kroner, og er beskrive av Pelé som ein av dei 125 største fotballspelarane som lever. Verdsmeister er han også.

- Samanlikna med han vi skal møta no - truleg Buffon - så meiner eg at vi har keeperar som held omtrent same klasse, seier Grodås.

- Meiner du Nyland er på nivå med Buffon?

- Nyland er betre enn Buffon på ein del ting, så er Buffon betre på andre ting. Buffon flyt ein del på namnet. Det har med alder å gjera. Når du er i slutten av 30-åra, mister du noko - det gjer alle. Men Buffon tek att ein del på rutine og enorm utstråling og status, seier Grodås.

Les også

Landslaget må slåss mot NRK og TV 2s nyhetssendinger

Brann-«dödar»

- Det er kjekt å høyra, seier Nyland om samanlikninga med Buffon. Før han understrekar:

- Buffon er ein stor keeper enno og har vore det i fleire år. Det er eit stykke opp dit, men målet er å koma dit, seier Nyland.

Karrieren til Nyland skaut for alvor fart etter at han som Hødd-keeper var med på å audmjuka Brann (semifinalen) og Tromsø (finalen) i cupen i 2012. Før det var han ein ukjent sunnmøring som spela på Hødd. No er han førsteval på Noregs beste lag — Molde - og etter alt å dømma landslaget.

- Eg hugsar godt den kampen mot Brann på eit fullt Høddvoll. Det var ein veldig spesiell dag og ein topp kamp av oss som gav oss ein fortent siger. Cupen i 2012 vart gjennombrotet mitt i norsk fotball, seier Nyland.

Då Nyland gjekk til Molde før 2013-sesongen måtte han konkurrera med dåverande landslagskeeper Espen Bugge Pettersen og svenske Ole Söderberg. Ein knalltøff situasjon, utan at det skremde Nyland.

- Det var dei som hadde den beste planen for meg, noko som har bidrege til at eg har utvikla meg fort til den eg er i dag. I tillegg til gode trenarar og hardt arbeid, sjølvsagt.

Nyland har hatt ein klar plan lenge for kor god han vil verta. Karrierevegen har vore gjennomtenkt frå 2. divisjon, via 1. divisjon, eliteserien og landslaget.

- No er målet å koma til EM. Det er på tide, og det kan gi alle oss spelarar nye sjansar om landslaget kjem til ein meisterskap att.

Les også

- Å vinne eller tape er som å leve eller dø

Allsidig bakgrunn

I ungdomsåra var Nyland ein allsidig type, og han var handballkeeper og alpinist i tillegg til fotballkeeper. Det å vera allsidig, har slått bra ut, seier han sjølv.

- Eg trur det er veldig greitt å vera allsidig til ein er 14-15 år. Då vert ein tryggare, og får ein breiare plattform å stå på. Det gir også kunnskap om andre ting enn fotball. Sjølv trur eg at eg har hurtigare refleksar på grunn av tida som handballkeeper og betre balanse på grunn av at eg har stått alpint.

Grodås seier han ikkje trengde meir enn fem minutt første gong han såg Nyland, for å slå fast at her var det eit stortalent i aksjon.

- Eg er ikkje i tvil om at Nyland kan verta den beste keeperen i verda, seier Grodås.

Onsdag står Nyland etter alt å dømma i mål for Norge mot Italia. Når det verkeleg gjeld i EM-kvalifiseringa. Keeperen som fyller 24 år onsdag kjenner seg trygg på at han er moden for oppgåva.

- Eg er to ulike typar på og utanfor bana. Når eg er på bana, går eg inn i ein modus der eg er ganske autoritær og vil stå fram som leiar. Ein som står fram og gir alt for laget. Det gjer eg også i garderoben. Eg er også ein keeper som har god rekkevidde og er god til å setja i gang spelet. Eg står fram som trygg og god — også i store kampar.

Les også

Johansen: - Ikke redd for å mislykkes

- Keeperprosjektet ein suksess

- Eg veldig tilfreds med keepersituasjonen i norsk fotball, seier landslagssjef Per-Mathias Høgmo.

Norges Fotballforbund og keepertrenar Frode Grodås har saman med Olympiatoppen og Toppfotballsenteret hatt eit keeperprosjekt gåande dei siste tre åra. Prosjektet har tatt mål av seg å heva standarden på keeperutviklinga i Noreg, og fekk namnet «Morgendagens keeper 2014».

I tillegg til fleire andre, har alle dei tre landslagskeeperane, André Hansen, Ørjan Håskjold Nyland og Rune Almenning Jarstein, vore ein del av prosjektet. Jarstein har vore meir med som ein referanse enn talent.

- Frode har leia eit keeperprosjekt med stø hand saman med klubbane og har sett fokus på å utvikla keeperar. Det gjer at vi i dag har tre gode keeperar i troppen, og ser konturane av at vi igjen har keeperar som er på høgt internasjonalt nivå, noko som er ekstremt viktig for landslaget og klubbane, seier landslagssjef Per-Mathias Høgmo.

Grodås seier det slik:

- Skal vi kvalifisera oss til EM, treng vi keeperar som kan avgjera eit resultat eller to i vår favør i løpet av ei kvalifisering.

I arbeidet med prosjektet har keeperane vore på ulike samlingar, og det har vorte sett inn tiltak retta mot kvar enkelt keeper ute i klubbane.

- Vi ønskte å få keeperane saman, utveksla erfaringar og sjå på om det var noko vi kunne gjera med miljøet til den enkelte keeper eller personar rundt keeperane som kunne framskunda utviklinga til mange av dei spennande keeperane vi hadde, seier Grodås.

- Målet vart var to nye keeperar på landslaget, og vi har fått tre. Dei er veldig forskjellige, men mange av keeperane vi har no, har større potensial enn kva som var tilfellet før, seier Grodås som har utpeika Manuel Neuer som leiestjerna i keeperverda om dagen.

- Vi ønskjer å ha dei beste keeperane i verda. Det er sjølvsagt realistisk at vi kan ha det, seier Grodås.

Keeperprosjektet skal halda fram i åra som kjem, der mellom anna dei beste 14-, 15— og 16-åringane skal koma inn i biletet.

Les mer om

  1. Herrelandslaget fotball
  2. Italias herrelandslag fotball