Fotball

Gir seg etter 20 år i Hødd: – Rart at klubben ikkje vil strekkje seg litt

Ronny Osnes føler seg meir ønska på Ullevaal stadion enn på Høddvoll.

Ronny Osnes (t.h), her saman med Sindre Eid og Frode Gjerde, er ferdig som keepertrenar i Hødd. Foto: Nils Harald Ånstad

I ettermiddag gjekk Hødd ut med at keepertrenar Ronny Osnes gir seg i Hødd. Han har vore i klubben i 20 år, og som keepertrenar i dei ti siste åra.

– Det er forferdeleg trist å skulle gi seg no. Eg synast det er rart at klubben ikkje vil strekkje seg litt for å behalde meg vidare, men det er klubben sitt val, seier Osnes til Sunnmørsposten.

Les hele saken med abonnement