Fotball

Fotballgal redaktør

<p>Har nokon ein cupfinalebillett til meg? Redaktør Frank Kjøde spør på leiarplass i Sykkylvsbladet.</p>

Frank Kjøde. Redaktør. Sykkylvsbladet. Foto: Photographer:

  • Terje Engås
  • Vi følger Aalesund: Siste nytt om klubben her

I ondagsutgåva av lokalavisa for Sykkylven let redaktøren lokalpolitikk og kommuneøkonomi få ei pause i «Dagens kommentar».

I staden tek redaktør Frank Kjøde opp det han er mest oppteken av no:

Finalebillett

Ikkje fekk han tak i billett til cupfinalen i 2009. Og ikkje har fått tak i nokon billett til finalen i år. Ikkje rart han er frustrert:

– Er det nokon som kan forbarme seg over ein fotballgal redaktør som ikkje har fått tak i cupfinalebillettar? spør han.

– Har du fått nokon reaksjon på leiaren?

– Nei, det har ikkje dukka opp ein einaste billett så langt, svarer Kjøde.

Moro

Han legg til at han hadde ingen problem med å nytte kommentarspalten til å etterlyse billettar.

– Ein må ha det litt moro i kvardagen. Dessutan må eg vedgå at eg er fotballgal, og dette med finalebillettar er noko folk på Sunnmøre er opptekne av no om dagen. Ein skal ikkje misbruke ytringsfridomen, men bruke han rett , seier redaktøren.

I leiarartikkelen sin etterlyser han difor ein meir rettferdig måte å dele ut billettar på:

– Dei med lengst sesongkortansiennitet burde ha vore prioritert. Det same burde dei som ikkje fekk billett i 2009, då AaFK sist var i cupfinalen, seier Kjøde.

Trufast

Med ei slik ordning ville han truleg sjølv ha fått billett. For Kjøde har hatt sesongkort sidan Color Line stadion vart opna, men han har vore fast tilskodar på heimekampane heilt sidan Normark-tida.

– Eg og mine næraste har vore trufaste tilhengarar sidan vi klamra oss fast til ei bjørk på Kråmyra for å sjå AaFK sine kampar , skriv Kjøde i leiarkommentaren sin.

Men til Oslo på cupfinalehelga, det skal han – sjølv om han ikkje skulle få tak i ein billett.

Tidleg ute

– Eg tinga hotellrom og flybillett allereie før semifinalen. Og no har eg også billett til festen på Rådhusplassen i Oslo. Får eg ikkje billett til kampen, så ser eg han på tv , legg redaktøren til.

Han meiner det i utgangspunktet var for få av billettane som gjekk til dei to finalelaga, omtrent halvparten av det totale talet.

Kjøde skjønar difor ikkje heilt kven alle dei andre er, som har fått billettar.

Elektrisk

– For sunnmøringane sin del så ville nok alle som var der i 2009 ned igjen for å gjenoppleve den elektriske stemninga. Difor vart nok pågangen ekstra stor hos AaFK-tilhengjarane, seier Frank Kjøde – som synest det er heilt utruleg at laget i hans hjarte er tilbake i finalen på Ullevaal etter berre to år.

Les også

  1. 18.520 kr for fire cupfinalebilletter

  2. Supporterbildene strømmer inn

  3. Knips deg frem til finalen på Ullevaal

  4. Frida (1) vantto finalebilletter

  5. Slik lader deopp til cupfinalen

  6. Her får de billetter av Kalvenes

  7. 224.000 kniver om 2500 finalebilletter

  8. Aalesunds finalelåt er klar

Les mer om

  1. Fotball-NM