Fotball

Hødd knuste Åsane i Leins første kamp

Christoffer Aasbakk serverte perferkte innlegg då Moltu stanga inn to og Kallevåg ein. Hødd vann 3-0 heime.

Hødd vant enkelt mot Åsane (Arkivfoto)
  • Tarjei Engeset Ofstad

Hødd 3-0 Åsane

Det var Torbjørn Kallevåg og Steffen Moltu som spelte hovudrollene i luftshowet Hødd varta opp med på heimebane I det femte minutt slo Christoffer Aasbakk eit hjørnespark som fann hovudet til kraftkaren Steffen Moltu. Han heada ballen hardt i mål. Torbjørn Kallevåg spelte ving for første gong denne kampen. I det 25. minutt fekk han stussa inn Aasbaks frispark. Kallevåg slapp lett til, og straffa Åsane for det. I det 32. minutt fekk Hødd nok eit hjørnespark. Steffen Moltu raga høgt og viste kven som er sjef i luftrommet. Igjen var det altså Aasbak som var co-pilot når Hødd herja i vinden i Ulsteinvik. Hødd tok nærmast patent på ballen i første omgang.

Alle måla kom etter daudball, og to etter hjørnespark. Hødd hadde som vanleg særs mange av dei i kampen: heile sju stykk.

I andre omgang heldt Hødd fram med å dominere kampen. Robin Shroot skreik hest etter ballen, han ville vere med på målfesten. Torbjørn Kallevåg gjekk av bana med vondt i hovudet tidleg i omgangen. Inn kom Sondre Sandnes Beite. Beite klina til frå kort hald, men traff midt på Åsanes målvakt Eirik Østgaard. I tillegg erstatta Didrik Sereba ein litt treig Joachim Magnussen. Bendik Rise kom inn heilt i sluttminutta. Ut gjekk Åsane kom meir med dei siste ti minutta av kampen. Nummer 88 Geir Andre Herrem skaut frå langt hald, ballen fekk ein ekkel skru som snerta stonga. Jamvel var Høddforsvaret tett, i kontrast til då dei vart gjennomhola av Jerv.

Hødd spelte ein meir direkte fotball i Steinar Leins første kamp som sjef. Solid forsvarsspel og overlegen målteft i lufta etter daudballar gjorde at Hødd senka Åsane.

Les også

  1. Hødd-treneren fikk sparken - føler at ledelsen var for utålmodige

  2. Ville ikke bli Hødd-trener

  3. Eriksen er ferdig som Hødd-trenar

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Åsane Fotball