Årets Hødd-spelar til Fredrikstad

Midtbanespelaren Marius Hagen vart fredag klar for divisjonsrivalen Fredrikstad.

Marius Hagen skal spele for Fredrikstad i 2019.

Hagen var ein viktig bidragsytar på midtbanen til Hødd i fjor. 26-åringen spelte 24 kampar og vart kåret til årets spelar i 2018. No forlèt han klubben grunna studiar og sambuar i Oslo. Fredrikstad blir hans nye arbeidsgivar.

Les også

Herd-talent klar for 1.-divisjonsklubb

– Det er vemodig å reise frå nydelege Ulsteinvik. Har hatt eit supert år saman med flotte folk. Stort å bli kåra til årets blåsar av flotte supporterar, og kome med på årets lag i divisjonen, seier Hagen i ein pressemelding og legger til:

– Eg har gjort alt eg kan i kvar kamp, og føler eg har gjort ein fin figur på banen og elles i Ulsteinvik. Å kombinere masterstudium og kjæraste i Oslo er ikkje enkelt med å bu i Ulsteinvik. Hødd er eit lag eg har følgt tett sidan eg var liten, og det vil alltid ha ein spesiell plass i mitt hjarte, seier Hagen frå Nordfjordeid.

Les også

Hødd-trenar Eid er sjukmeldt

Hagen gjekk frå Stryn til Notodden i 2012 og var der i to sesongar før han melde overgang til Nest-Sotra og vart etter kvart lånt ut til svenske Husqvarna. Etter ein sesong i Nest-Sotra gjekk turen vidare til Kristiansund, men det vart med ein sesong og HamKam vart hans nye klubb i ein halv sesong.

Sommaren 2016 signerte Hagen for Åsane. I 2017 spelte han for Elverum. Dermed bytter han klubb for niande gang på fire år.

Fredrikstad skal denne sesongen spele i same divisjon som Hødd.