Fotball

«Hødd lever farleg no»

KOMMENTAR: Og har berre ein heimekamp att å gjere det på

SURT: Robin Shroot fortvilar etter 0-2 mot Jerv på Høddvoll. Hødd er framleis på sikker plass, men kun poenget føre Ull/Kisa. Og Hødd har tre av dei siste fire kampane borte, der dei berre har henta to poeng så langt i år. Hødd må truleg trylle fram ein bortesiger om dette skal gå bra.

For no har Hødd berre éin heimekamp att, og det er mot Strømmen i nest siste runde. Og Strømmen kjempar om ein plass i playoff, så Hødd får ingenting gratis der heller.

Og før den tid skal no Hødd ut i to tøffe bortekampar. Mot Sandefjord kommande søndag, og så mot Bryne på Jæren helga etterpå. Sandefjord kjempar om direkte opprykk, medan Bryne garantert ser på Hødd-kampen som det siste halmstrået i kampen om ny kontrakt. Bryne har berre 23 poeng, medan Hødd har 29. Begge lag har svak målskilnad, Bryne har minus 18 medan Hødd har minus 15 mål. Og det er Hødd Bryne må passere for å berge seg, i tillegg til Ull/Kisa, som er på øvste nedrykksplass (28 poeng).

Les hele saken med abonnement