Fotball

Myklebust mistar truleg resten av sesongen

Vart operert på Ålesund sjukehus onsdag — måtte sy saman ei sene i låret

Her har skaden skjedd for Magnus Myklebust i kampen mot KBK 16. mai. Lagleiar Neil leClercq kan lite gjere, og etter operasjon på Ålesund Sjukehus sist onsdag tyder mykje på at Myklebust er ferdegspela for i år. Foto: Rolf Hansen

  • Helge Skuseth
    Helge Skuseth

I forrige bortekamp mot Kristiansund BK 16. mai var uhellet ute for Hødd-spissen

Magnus Myklebust. Han reiv av ei sene på baksida av låret, og det betyr at den tidlegare Lillestrøm-spissen truleg mistar resten av sesongen.

– Det kan fort skje at eg ikkje spelar meir fotball denne sesongen, seier 30-åringen, som har opna sesongen bra for Hødd.

– Eg har jo hatt mine lårstrekkar tidlegare i karriera, men med ein gong dette skjedde i Kristiansund skjønte eg at dette var noko anna. Noko meir alvorleg, seier han.

Han tok MR for ei veke sidan, og den viste ei avriven sene langt oppe på låret, i tillegg til ein skikkeleg lårstrekk.

Les også

  1. Riise gjør AaFK mer populær enn Rosenborg i media

  2. Sendt av feltet etter bråk på Aalesund-trening

Takksam

– Eg er takksam for at eg slapp til så raskt på sjukehuset i Ålesund, og operasjonen gjekk fint. Eg tilbrakte to døgn på sjukehuset, men no er eg heime i Fosnavåg att, fortel han.

Det var sist onsdag han vart operert, og no ventar fleire veker på krykker.

– Eg må omtrent lære meg å gå att, og eg kan ikkje køyre bil på nokre veker. Eg føler meg skikkeleg handikappa akkurat no, og det er heller ikkje så enkelt å kome meg til Høddvoll når eg ikkje kan køyre sjølv, sukkar han.

Passar dårleg

— Det passa dårleg med ei alvorleg skade akkurat no?

– Huff ja, du må ikkje snakke. Eg skulle så gjerne ha bidratt i den situasjonen vi er i no, men det kan eg altså ikkje. Men eg skal love at eg skal gjere alt for å «bakke» opp dei andre. Men eg trivst dårleg på tribuna, medgjer Magnus.

— Som har tru på at Hødd kan gjere det godt i Fredrikstad laurdag.

– Eg skal fylgje kvart spark på ballen gjennom TV-ruta, dette er ein særs viktig kamp for oss. Heldigvis vart det siger mot Ull/Kisa sist, det hjalp litt på tabellsituasjonen vår. Men som sagt, det er forferdeleg at eg ikkje kan hjelpe til sjølv.

Skal attende

– Denne skaden kan ikkje stoppe karriera di?

– Nei, det nektar eg å tru. Eg skal kome attende, lover han.

Trener Hans-Erik Eriksen er også lei seg for at Magnus no er borte ei god stund.

– Eg har høyrt at han blir vekke mellom tre og seks månader, og det er klart at vi vil sakna ein god spelar som han. Men vi andre må berre stå opp og gjere jobben vår, seier han.

Som også må klare seg utan Vegard Heltne mot Fredrikstad. Men Heltne er i betring, og spelar truleg 3. divisjonskampen mot Rollon mandag.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd