Fotball

Hødd får ikkje ballen i mål

– Vi slit forferdeleg med å vere farlege, seier Hans Erik Eriksen.

Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Hadde Hødd nytta sjansane like godt som KFUM Oslo hadde dei vunne stort.

Hødd tapte 1-2, men vann samstundes sjansestatistikken 10-3. Det måtte straffespark til før Hødd reduserte, men då var det for seint.

Trenar Eriksen fortel at laget skal jobbe enda meir med angrepsspel i tida framover.

– Vi må bli betre både ein og ein og saman, seier han.

VIDEO: SE EPISODEN ALLE SNAKKER OM ETTER KAMPEN:

svp://103396?view=bt

Godkjenner det defensive spelet

Forsvarsspelet mot KFUM er derimot Eriksen nøgd med.

– Vi forsvarar oss godt og held dei unna.

Likefullt kom det altså to baklengsmål. Det første målet skuldast at Hødd-forsvaret nærmast ga bort ballen til KFUM. Dennis Obeng vart deretter kontant sentra gjennom og putta ballen hardt i mål, forbi Jan-Lennart Urke. Det andre målet var ein volley fra Erlend Skaga, som nok eigentleg var meint som eit innlegg. Hadde «skotet» vore med vilje hadde det verkeleg vore ei perle.

Beite har til gode å vise seg skikkeleg fram

20 år gamle Sondre Sandnes Beite fekk endeleg spele frå start.

Han var lite involvert særleg i første omgang. Det meste av angrepsspelet skjedde hos Ulland Andersen på venstre banehalvdel.

– Sondre gjer ein ok kamp, men får ikkje vist seg fram i dag, seier Eriksen.

Han vil påpeike at Beite er spesielt god på å sjå kor det er gode rom på banen. Nettopp å lure seg i bakrom var noko 20-åringen freista, men han vart ikkje spelt på.

– Han hadde fått instruks frå meg om å løpe i bakrom, og fekk det til eit par gonger, men utan hell, fortel Eriksen.

– Meiningslaus regel

Eirik Ulland Andersen fekk to gule kort, og vart dermed utvist. Nøkkelspelaren må altså stå over neste kamp. Norges fotballforbund (NFF) har avgjort at det gir gult kort å hente ballen frå nettet til motstandaren for å setje spelet i gang raskt. Dette seier dei nye retningslinjene:

Kun forsvarende lag skal kunne hente ballen og bringe ballen til midten for avspark. Da unngår vi problemer i målområdet, og det er kun dommer som likevel kan gi klarsignal til avspark. NB! Bruker forsvarende lag mye tid, er det dommers plikt å legge til tiden.

– Dette er noko meingslause greier som nokre NFF-folk har funne på inne på eit kontor, seier Eriksen.

Han slår fast at dommaren følja reglene, men meiner at det må vere lov å vise skjønn.

Neste Hødd-kamp er borte mot Jerv som ligg på femteplass i førstedivisjon, 19. juni.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd