Fotball

Hødd-trenar Eriksen: – Deilig, men utilstrekkeleg

Dei blåkvite berga tre poeng i botnoppgjeret mot Ull/Kisa. Eriksen nyt sigeren, men er ikkje nøgd med korleis laget hans spelte.

Hødd-trenar Hans-Erik Eriksen kunne juble for tre poeng.
  • Tarjei Engeset Ofstad

– Å vinne er godt, men vi må likevel bli betre enn dette, seier Hødd-trenar Hans Erik Eriksen.

Han forklarar at Hødd ga bort ballen for lett, og at strekket i laget ofte vart vel stort.

– Det blir ein emosjonell kamp, vi styrast av kjensler mot slutten der. Så har vi en veldig solid keeper.

LES OGSÅ:

Les også

  1. Joachim Magnussen ordna tre poeng for Hødd

  2. Ødela Bodø/Glimts jubileumshelg: - Jeg er en festbrems

– Matchvinnande redningar

Det var Ull/Kisa som tok styringa den siste fjerdedelen av kampen. Sekstenmetaren til Hødd vart invadert av gulkledde spelarar. Keeper Jan Lennart Urke fekk mykje å halde styr på.

– Dei trykkar verkeleg på. Vi må forsvare oss godt dei siste 25 minutta, seier Urke.

Han legg til at det smakte særs godt å dra tre poeng i land, etter ein traurig seriestart.

«Jalle», som han gjerne blir kalt på stammespråket til Hødd, vart liggande nede etter å ha vunne ballen i femmetaren.

– Eg får ein fot i brystkassa. Dermed fann eg det best med nokre sekund nede, forklarar «Jalle».

Eriksen vil gjerne gi keeperen sin klapp på skuldra etter førestellinga.

– Bidraget til sigeren er veldig stort. Jan Lennart er rolig og solid og har matchvinnande redningar, seier Eriksen.

Magnussen avgjorde kampen

Joachim Magnussen scora det einaste målet i kampen, som gjorde at Hødd hausta tre sårt tiltrengte poeng.

– Dette var ein skikkeleg krigarsiger, seier «Joa».

Han beskriv korleis han fekk skjerma ballen, vridd seg rundt og fekk rom.

– Så var det berre å styre ballen mot høgre hjørne, seier han.

Ballen gjekk via stolpen og i mål. Dei høge jubelbrøla frå publikum fortalte om kor etterlengta scoringa var.

Shroot og Magnussen starta saman for første gong

For ein gongs skuld starta Robin Shroot og Joachim Magnussen saman i seriekamp.

Eriksen meiner det passa å prøve dette, no når Torbjørn Kallevåg var ute med tre gule kort.

– Gållen vår kom som følgje av måten Shroot og Magnussen posisjonerer seg saman.

Trenaren siktar til at Hødd fekk spelt gjennom spissane meir enn dei pleier.

Det tydeligaste dømet på dette var då Robin Shroot kom seg åleine med keeper. Engelske Shroot sine foreldre var på tribuna og trudde sikkert dei skulle få sjå sonen score. Han fekk stå med ballen i fleire sekundar, men klarte ikkje å finte ut keeperen. Stefan Hagerup redda avslutninga frå den engelske spissen.

– Vi er nøgde med å notere oss ein liten sjanse der, seier Eriksen fleipande.

Neste kamp er borte mot Fredrikstad fotballklubb, laurdag 28. mai, 15.30. FFK ligg nedst i førstedivisjon, trass i sin langa fartstid som eliteserieklubb.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd