Fotball

Fleire fekk brannskade av innsmugla pyro under toppkampen

— Vi kan ikkje drive intimvisitering, sier Molde-leiren.

Mengder av pyro på Rosenborg-tribuna på Aker stadion søndag – fleire fekk brannskade.
  • Anita Vingen

MOLDE (Rbnett): Fleire Rosenborg-supporterar fekk brannskade på grunn av pyrobruken på Aker stadion søndag.

— Rosenborg stilte med ei gruppe svært dårlege supportarar. Vi beslagla ein del bluss, men likevel vart 20 bluss fyrt av inne på tribuna, stikk i strid med avslaget vi hadde gitt på forespørsel om pyrobruk, seier arrangements- og medieansvarleg i MFK, Per Lianes.

Han stadfester at fire-fem av Rosenborg-supportarane fekk lettare brannsår på grunn av pyrobruken, og måtte få hjelp av Røde Kors på stadion. Ingen av dei måtte til sjukehus.

Kroppssmugla pyro

Trass i pyrobruken uttrykker Lianes at klubben er godt fornøgd med sikkerhetsopplegget.

— Vi hadde ute 180 vakter, og kroppsvisiterte 800 personar. Men vi kan ikkje drive med intimvisitering - det som kom inn av pyro var smugla inn på kroppen, på finurlig og kreativt vis, seier Lianes.

Han seier klubben er fornøgd med eigen sikkerhetsinnsats, og poengterer at også representantar for Rosenborg og for Fotballforbundet overvaka innslepp og visitering, og var fornøgde.

- Kan vakter ha provosert gjestane med bruk av supporterutstyr?

— Vaktene er imøtekommande og våre tek hyggeleg i mot gjester, sjølv om det kan vere utfordrande for våre frivillige vakter å møte desse verstingane. Så var det ein av mannskapet inne på indre bane som jubla for heimelaget framfor Rosenborg-supportarane, det skulle ikkje ha skjedd, det tek vi sjølvkritikk på. Overordna meiner vi likevel at dette gikk bra, så skal vi sjølvsagt ta med oss det som skjedde under denne kampen, og dra lærdom av det til seinare, seier Lianes.

Les også: Laget bråk også etter kampen

Politiet: - Får etterspel

Fotballkampen mot Rosenborg søndag får etterspel på fleire vis, seier politistasjonssjef Per Karstein Røv ved Molde politistasjon til Rbnett.

Les også: Politiet har tatt mannen som truet Bakenga

Dette gjeld dei som storma banen etter kampen, drapstrusselen mot Bakenga, og også pyrobruken.

— Vi er lite glade for ein situasjon med pyro inne på stadion. Det er rett og slett farleg, seier Røv.

Politiet er no i gang med å identifisere pyroaktørane; ifølgje Røv vil saka få etterspel for dei det gjeld.

I tillegg varslar han at det må settast inn fleire tiltak for å hindre tilsvarande.

— Visitasjon må skjerpast inn, dei som slepper inn folk må sjekke meir nøye så pyro ikkje kjem inn. I tillegg må det jobbast førebyggande med haldningar, seier Røv.

Risikokamp

Røv er likevel godt fornøgd med gårsdagen, og meiner det meste vart handtert på ein grei måte.

— Kampane mot Rosenborg er for vår del dei einaste vi karakteriserer som risikokampar. Vi har frå tidlegare av erfaring med uro og dårleg stemning i samband med Rosenborg-kampar, så gårsdagens hendingar var vel ikkje meir enn ein kunne forvente, seier Røv.

Han opplyser at politiet lokalt bruker ein god del ressursar på dette.

— For oss som ein liten politistasjon, er kampar som denne relativt ressurskrevjande. Vi hadde ute ganske mykje folk både uniformert og i sivilt, seier Røv, utan å ville konkretisere kor stor styrken var.

Les også

  1. Bruttern: - Vi fyrte ikke på alle sylindere

  2. Er dette årets scoring i eliteserien?

  3. Samvittigheten stod i veien for byttet

  4. Bakenga om hetsen: - Flaut, pinlig og idiotisk

Eliteserien

SVUTMP
1Bodø/Glimt29179356253160
2Molde29176668392957
3Viking29166758471154
4Rosenborg29138856401647
5Lillestrøm2913794740746
  • Champions League-kvalifisering
  • Conference League-kvalifisering
  • Nedrykkskvalifisering
  • Nedrykk

Les mer om

  1. Eliteserien
  2. Molde FK
  3. Rosenborg BK