Fotball

Sereba skal fylle skorne til Ulland

Ulland Andersen er klar for Strømsgodset. Didrik Sereba erstattar Ulland som venstreving, mot Raufoss.

  • Tarjei Engeset Ofstad

Eirik Ulland Andersen signerte for eliteserieklubben Strømsgodset, 16. august, rett før overgangsvindauget stengte. Ulland Andersen spelte altså sin siste kamp i Hødd-drakta, då Hødd slo Levanger 3-2 i førre runde.

Ulland Andersen klar for Strømsgodset

No er det opp til 21 år gamle Didrik Sereba å fylle fotballskorne til Ulland. Han har starta elleve kampar og fått sju innhopp denne sesongen, men har scora fattigslege eitt mål. Spissplassen går til Robin Shroot. Det er ikkje overraskande at Steinar Lein gir Shroot tillit att, med tanke på at nord-iren har scora mål i dei siste fem kampane på rad: mot Ranheim, KFUM Oslo, Kristiansund, Kongsvinger og, no sist, mot Levanger. Joakim Wrele er tilbake som kaptein. Den eigentlege kapteinen Jesper Törnqvist, som var med å avgjere Levanger-kampen, er tilbake på benken.

Slik startar Hødd

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke — Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Joakim Wrele (K), Hugues Wembangomo - Fredrik Sjølstad, Torbjørn Kallevåg, Øystein Vestvatn – Didrik Sereba, Robin Shroot, Joachim Magnussen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Dani Aleksei Hatakka, Bendik Dybdal Torset, Bendik Rise, Jesper Törnqvist, Sondre Sandnes Beite.

Ulland avgjorde førre oppgjer

Sist Hødd møtte Raufoss, vann dei blåkvite 1-0 heime. Det var Hans Erik Eriksens siste siger som Hødd-trenar. Målscorar var ingen andre enn Eirik Ulland Andersen, som no altså har tatt steget opp til Eliteserien. Medan Hødd slo Levanger i førre runde, tapte Raufoss stort borte mot Jerv - heile 4-0 enda det i Grimstad. Hødd står med åtte tap og ein uavgjort på bortebane, og har dermed statistikken mot seg. Samstundes byr det på ein god porsjon håp for Hødd, at Raufoss ligg nest sist på tabellen, og har tapt fem av ti heimekampar i år.

Verdt å vite om Raufoss Fotball:

• Har flest gule kort av alle laga i førstedivisjon denne sesongen (32)

• Besto av arbeidarar frå Raufoss ammunisjonsfabrikk, dei første åra etter at klubben vart skipa i 1918

• Er det beste laget i Oppland fylke

• Joakim Wreles tvillingbror Andreas Wrele, er fast forsvarsspelar

• Andreas Wrele og Petter Senstad, har starta alle seriekampane i år

Slik startar Raufoss:

(4-4-1-1): Ole Kristian Lauvli - Andreas Wrele, Markus Rolandsen, Steffen Hjelmtvedt, Petter Senstad - Emile Noe Dadjo, Anton Henningson, Marcos Gondra Krug (K), Kristian Lønstad Onsrud - Magnus Solum - Almir Aganspahic

Benken: Christopher Tronhus, Aaron Lee Jones, Alonzo Sanchez Gonzales, Ole Thomas Skogli, Simen Næss, Fredrik Greve Monsen, Martin Petterson Heiberg.

Les mer om

  1. Raufoss Fotball
  2. Hødd