Fotball

I dag jaktar Hødd revansje

– Vi er ikkje brått blitt eit dårleg fotball-lag sjølv om vi tapte mot Nardo sist, seier ein kamplysten Hødd-trenar Sindre Eid.

2–3 tapet mot nedrykkstruga Nardo, heime på Høddvoll, var ein stor «skrell», som gjorde at Hødd mista leiinga i 2. divisjon avdeling 2 til Skeid. Nå kjem eit anna lag langt nede på tabellen, Stjørdals/Blink, til Høddvoll, og Eid har tru på full skjerping frå spelarane.

– Tapet mot Nardo har vore omsnakka, ja! Vi trudde kanskje at ting går av seg sjølv, etter mange kampar utan tap. Men så enkelt er det ikkje, seier han.

Les hele saken med abonnement