Fotball

Hødd sløste vekk sigeren mot Ranheim

Hødd skapte fleire kjempesjansar mot slutten, men måtte nøye seg med 1-1 i den viktige heimekampen mot Ranheim.

Hødd-trenar Sindre Eid (arkivfoto). Foto: Alexander Worren

  • Vebjørn Bjørkås

HØDD — RANHEIM 1-1

Hødd gjekk ut med eit høgt press, og styrte det meste av banespelet i opninga på Høddvoll, og fekk kampens første avslutning etter rundt fem minutt, då Ulland Andersen fekk sikte og avslutte frå 20 meter. Men uheldigvis for Hødds toppscorar gjekk skotet eit stykke over Ranheim-målet.

Berre minuttar etterpå var det litt «flashback» til ei veke tilbake då Hødds midtstoppar Steffen Moltu plutseleg gav frå seg ballen som bakarste mann, og den gong serverte Sogndal-spiss Mahatma Otoo. No var det Ranheims Michael Stilson som plutseleg fossa mot Hødd-målet etter eit svakt mottak av Moltu. Men i det Stilson skulle servere Ranheim-spiss Robert Stene føre Hødd-målet, missa han med innlegget, og heimelaget slapp med skrekken.

Gav gjestane draumeopning

Slapp med skrekken gjorde dei også like etter, då Torgil Gjertsen trudde han hatt sendt Ranheim opp i 1-0. Kontrollert trilla han ballen i mål mellom beina på Hødd-målvakt Aslak Falch inne i feltet, men linjedommar på motsett side hadde flagget oppe, og målet blei annullert.

Ranheim tok etter kvart meir og meir over, utan at dei klarte å skape dei heilt store sjansane på Ulsteinvik-laget. Men etter 21 minutt fekk Trondheims-laget uttelling

Etter ein tøff duell ute på høgresida mellom Robert Stene og Steffen Moltu, endte Stene opp med ballen og sette fart inn mot Hødd-målet. Rangheims toppscorar passerte enkelt eit par Hødd-forsvararar før han sette ballen enkelt inn i mål aleine med Hødd-keeperen. Det var hans 13. seriemål så langt denne sesongen.

Wrele-perle gav utlikning

Hødd løfta seg litt etter Ranheim-scoringa, og hadde mykje ball i løpet av den første omgangen. Men dei blåkledd sleit med å skape noko mot eit defensivt godt organisert Ranheim-lag.

Men like før pause, i det 43. minutt, måtte Ranheim-forsvaret og keeper Barli strekke våpen. Frå rundt 20 meter mottok svenske Joakim Wrele ballen, snudde opp og banka ballen i mål for Hødd. Ei fantastisk scoring av Hødd-spelaren, som gav heimelaget ei perfekt avslutning på ein elles svak Hødd-omgang.

Blakstad med kjempesjanse

Etter pause såg heimelaget noko friskare ut, og tempoet i ballen var høgare hos heimelaget. Og ti minutt ut i omgangen kom Hødd og Ole Amund Sveen til ein bra mogelegheit. Sjansen kom etter ei god gjenvinning av Michael Karlsen. Han vendte opp og gav ballen til Ulland Andersen, som spelte vidare til Sveen. Frå 25 meter banka midtbanespelaren til, og ballen gjekk like utanfor Ranheim-målet.

Og berre nokre minutt etterpå var det Ranheim og Magnus Blakstad som var svært farleg frampå. Eit godt innlegg frå høgresida fann Blakstad inne i Hødd-feltet. Heilt umarkert og aleine på sju-åtte meter fekk han heade mot mål, men heldigvis for Hødd gjekk forsøket til side for mål. Der både burde og kunne midtbanemannen gitt Ranheim leiinga.

Sveen nære på

Etter Blakstad sin store mogelegheit roa det seg litt ned på Høddvoll, og heimelaget blei trillande mykje utan å skape noko. Men med 20 minutt igjen av kampen kom Hødd og Sveen til sin beste sjanse i omgangen. Og nok ein gong var det Sveen som stod bak. Midtbanespelaren hadde dratt seg ut på venstresida, og tok ballen fint med seg inn i feltet før han avslutta like over Ranheim-målet.

Og med få minutt trudde heile Høddvoll-publikumet at innbytar Sondre Beite hadde sendt Hødd opp i føringa, men som i den første omgangen kom flagget frå linjedommar, og målet blei annulert.

Missa «alle tiders sjanse»

Men den verkeleg store sjansen kom med tre minutt igjen av kampen. Hødd fekk til eit brot midt i banen, og plutseleg var Hødd i ein fantastisk tre mot to-situasjon. Robin hroot spelte først ballen vidare til Beite, som gjorde alt heilt riktig, og spelte vidare til ein umarkert Sveen. Han fekk både tid og rom til å sette inn 2-1, men frå fem-seks meter missa han heilt med avslutniga, og ballen gjekk på feil side av stolpen. Ein gigantsjanse av Sveen, som nok vil sove dårleg i natt etter å ha missa der.

Og nærare kom aldri heimelaget, som etter å ha levert ein god 2. omgang måtte nøye seg med poengdeling og 1-1 mot Ranheim på Høddvoll.

Slik var kampen:

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd

Flere artikler

  1. FOTBALL
    Publisert:

    Sveen: - Eg burde avgjort to gonger

  2. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd rundspelt etter alle kunstens reglar

  3. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd avkledd av Levanger på heimebane

  4. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd missa heime mot Strømmen

  5. FOTBALL
    Publisert:

    Moltu stanga Hødd tilbake i opprykkskampen

  6. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd hekta seg på i opprykkskampen