Kan Hødd vinne i høljeregnet i Mjøndalen?

Mjøndalen har ikkje tapt på seks kampar. Hødd har ikkje vunne på bortebane. I kveld får vi vite meir om kor sterkt Steinar Leins Hødd eigentleg er.

Hødd kunne juble for tre viktige poeng hjemme mot Raufoss tidligere i juni. Blir det ny opptur i kveld?

Trass i sigeren mot Åsane ligg Hødd framleis som nummer 13 og dermed på nedrykksplass. Samstundes må ein ta med i reknestykket at Hødd har ein kamp mindre spelt enn KFUM på 11. og FFK på 12. plass. Om Hødd skulle makte å ta tre poeng mot Mjøndalen, stig dei blåkvite forbi FFK. Når det gjeld KFUM må Hødd vinne med tre mål eller meir for der vil det i så fall stå om målforskjell. Hødd er det einaste laget i førstedivisjon som har tapt alle bortekampane. Hødd pleier å slite mot Mjøndalen. I cupen i fjor vart det 4-0 tap då laga møttast i fjerde runde. Sjølv uavgjort vil vere å rekne som ein aldri så liten bragd i kveld.

Laguttaket:

Eirik Ulland Andersen er tilbake etter to kampars utestenging, då han først vart utvist og deretter fornærma fjerdedommaren. No er det målscorar i førre kamp, Torbjørn Kallevåg som må stå over grunna gule kort. Sondre Sandnes Beite og Joachim Magnussen er heime, medf sjukdom. Karl Joakim Wrele er flytta opp på midtbanen att. Didrik Sereba får spele frå start. Dette er dei viktigaste endringane ifrå førre runde

Hødd IL (4-3-3): Jan-Lennart Urke – , Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Hugues Wembangomo Eirik Skaasheim – Karl Joakim Wrele (K), Bendik Dybdal Torset, Fredrik Sjølstad –Didrik Sereba, Robin Shroot, Eirik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Michael Karlsen, Øystein Vestvatn, Martin Mork Breivik

Mjøndalen IF ( 4-4-2): Marco Priis Jørgensen –Ulrik Ancher Henriksen Arneberg, Joackim Olsen Solberg (K) Mads Andre Hansen, Morten Sundli –Amahl William Pellegrino, Christian Gauseth, Mathias Fredriksen, Mads Gundersen, Jonathan Lindseth – Erik Midtgarden

Benke W. Sell, K. Olie, K. Solberg, S. Hansen, A. Hellum, O. Boye, L. Fuhre.

Trente med trøkk dagen før kamp

Det er berre fire dagar sidan sist spelarane var i kamp. Då slo dei blåkvite som kjent Åsane 3-0 på heimebane. På mandag restituerte laget og på tirsdag fekk alle fri. På onsdag trente Hødd med ganske høg intensitet. Det var for å få kropp og hode tilbake i kampmodus etter to rolege dagar, i følge trenar Steinar Lein. Medan han avrunda økta, sa trenaren til spelargruppa at særleg kantanane må tåle å løpe mykje mot Mjøndalen.

Dette er Mjøndalen

  • Eit av dei stoltaste augneblinka i “Den brune armè” sin historie, var då dei slo Werder Bremen 1-0 borte i 1987, i Uefa-cupen. Til gjengjeld gjekk dei på ein kjempesmell heime: 0-5. * Klubben var oppe og prøvde seg i eliteserien i fjor. Med 17 tap hamna dei brunkledde nest sist og rykka ned saman med Sandefjord.
  • Mjøndalen ligg no på 10. plass, men kjem med sjølvtillit etter å ha vunne tre rundar på rad.
  • I 2014-sesongen tok Hødd imot Mjøndalen for å spille kvalifisering til eliteserien. Det endte med at Mjøndalen vann 2-0 og knuste Hødd sine eliteseriedraumar. Deretter rauk dei ut mot Ranheim i 2. kvalikkrunde
  • Spelar å sjå opp for: Amahl William Pellegrino. Dette er topscoraren med fem mål. Han har starta eller fått innhopp i samtlege 14 kampar så langt. Han spelte for Lillestrøm i