Fotball

– To elendige lag i ein elendig kamp

Hødds toppscorar Eirik Ulland Andersen slakta lagets innsats etter uavgjort i kampen dei «måtte» vinne.

  • Vebjørn Bjørkås

HØDD 1-1 STRØMMEN

– Det var to elendige lag som spelte ein elendig kamp. To lag som står og speler langpasningar til kvarandre, og spelar berre på tilfeldigheiter. Det er kun det sjansane kjem etter. Tilfeldigheiter. Ingen av laga tør å ta tak i ballen og styre kampen. Skuffande, seier han til smp.no.

Eirik Ulland Andersen slakta lagets innsats etter uavgjort mot Strømmen. Her fra en tidligere kamp. Foto: Fredrik Refvem

Med 20 minutt igjen av kampen, då Hødd for alvor jakta vinnarmålet, valte Hødd-trenar Sindre Eid å ta Ulland Andersen av banen.– Det vanskeleg for meg å vera god når ballen er i lufta 90 prosent av tida, og eg må springa etter den heile tida. Om det er slik kampen blir, er det ikkje vits å ha meg på banen. Så eg skjønar Sindre óg, seier han og held fram:

– Men det skuffar meg når me får innpå ein spelar som Sondre Beite, at me ikkje brukar hans kvalitetar og settar han opp ein mot ein. Me fortsetter berre i samme «mølja», seier han.

Les også

Slik kan Sandnes Ulf redde kvaliken

– Ein dag ingenting fungerer

Eid fortel til smp.no at han ønskte å endre kampbiletet ved å ta ut Ulland Andersen i andre omgang.

– Me står og stangar og skapar lite. Då må du gjere noko, og få inn litt andre typar som kan gjera noko med eit kampbilete som døyr litt ut, forklarar Hødd-trenaren.

Han er einig at dei mislukkast med å involvere til dømes Beite, då han blei bytta inn for Torbjørn Kallevåg i det 75. minuttet.

– Me må bruke Sondre til det han er god på. For meg er det heilt uforståeleg at me ikkje klarar å sette han opp i fleire èin mot èin-situasjonar. Men det er ein dag der ingenting fungerer, og då blir det litt krampaktig og mykje feilval, seier han.

Meiner Hødd blei feige

Ulland Andersen har ikkje noko god forklaring på kvifor det blei så «elendig», som han sjølv beskriv det, i kampen Hødd «måtte» vinne.

– Me blir kanskje litt feige igjen. Me utnyttar det ikkje når me vinn ballen. Eg saknar at me trer ballen opp i mellomrommet når me vinn den. I staden blir det støttepasningar ned til keeper og langpasningar. Det er stort sett det me har i dag, seier han.

Les også

Aslak Falch tilbake i Hødd-målet

Eid synest trur spelarane var litt prega av alvoret og viktigheita av kampen mot Strømmen.

– Det er ein kamp under pari. Det verkar som me er litt prega av at det er ein viktig kamp, og kjem aldri skikkeleg i gong, og får aldri noko «trøkk» i spelet vårt. Det er veldig skuffande. Men me tar eit poeng, og det kan vise seg å vera svært viktig, seier han.

– Må gå for tre poeng der nede

Hødds kvalik-utfordrarar Kristiansund, Jerv og Ranheim vann alle sine kampar i dag. Det betyr at både Kristiansund og Ranheim i praksis begge er klare for kvalik-spel.

Men det siste laget som kjempar med Hødd om kvalik-plass, Sandnes Ulf, tapte borte mot Sogndal.

Det betyr at Hødd framleis ligg på 6. plass, og har eitt poeng ned til Sandnes Ulf som no ligg utanfor kvalik, på 7. plass.

Les også

Dette stortalentet er Brann-trenerens førstevalg i spillerjakten

I siste serierunde tek Sandnes Ulf imot Ranheim. Skulle Sandnes Ulf ta poeng i den kampen, betyr det at Hødd er avhengig av poeng borte mot Brann i siste serierunde.

– Det blir ein sinnsjuk kamp i Bergen til helga. Det må me berre gle oss til. Det blir fotballfest der nede, så får me sørge for at me er med på festen. Me veit at dette mannskapet har vist før at dei er i stand til det. Me me berre gå «all in», køyre på og gå for tre poeng der nede, seier Eid.

Trur dei slår Brann

Ein som gler seg til å møte Brann er Fredrik Aursnes. Han har storspelt og scora mål i Hødds to siste kampar mot Bergen-laget.

– Eg har stor trua på at me vinn den kampen. Av ein eller annan grunn girar dette laget seg veldig opp til store kampar. Og det er litt spesielt å møte Brann. Eg trur me kjem til å spele ein bra kamp der nede, seier han til smp.no.

Også Eirik Ulland Andersen trur Hødd kan heve seg i den avgjerande kampen på Brann Stadion.

– Me har vist at me har vore gode mot topplaga tidlegare i år. Det er slikt me har stelt det for oss sjølv no. Me får nesten berre sjå korleis det går, men om me må ned der å vinne så får me nesten berre gjera det, seier han.

Les også

Hødd missa heime mot Strømmen

Les mer om

  1. Fotball 1. div