Fotball

Skaasheim klar for Hødd

Lånast ut frå Sogndal fram til sommaren.

FRA SOGNDAL TIL HØDD: Eirik Skaasheim skiftar klubb. Foto: Astrid M. Nordhaug, Digitalsport

  • Eirik Nesset Hjelvik
    Eirik Nesset Hjelvik

23-åringen frå Balestrand reiste torsdag til Ulsteinvik der han skreiv under ein utlånsavtale fram til sommaren. I Sogndal har han vore andrevalet som høgreback bak Taijo Teniste, men no går han truleg rett inn på Hødds lag.

– Sjølv om han berre er 23 år, så har han bra med erfaring frå både eliteserien og 1. divisjon. Det er ei god signering for oss, seier sportssjef André Nevstad til Sunnmørsposten.

Anvendeleg spelar

Skaasheim har vore i Sogndal sidan 2010 då han kom frå Høyang. Han har spelt 59 eliteseriekampar for Sogndal.

– Det er ein anvendeleg spelar i backfiraren, som også kan spele i midtbaneleddet. Vegard Heltne vil vere ute ei periode, så det var viktig med påfyll når dei tøffe periodane kjem med mange kampar, seier Nevstad.

Skaasheim kan få med seg 16 seriekampar og fire cupkampar, om Hødd går så langt i cupen, før utlånet i utgangspunktet blir avslutta.

Har jakta Skaasheim lenge

– Vi får ta ei vurdering til sommaren om det blir noko meir. Med denne signeringa er troppen komplett, og eg synast det ser ut som ei solid tropp, seier Hødds sportssjef.

Ifølgje Nevstad har dei vore på jakt etter Skaasheim ei stund.

– Han har vi hatt på blokka heilt sidan i fjor sommar. Sidan Teniste ikkje forsvann frå Sogndal, så har vi vore i kontakt med dei, så ordna det seg denne veka, seier Nevstad.

  1. Les også

    Siem tok fly for en kvart million kroner

  2. Les også

    Carl Björk på vei til Sverige

  3. Les også

    Gamst: - Jeg må være 100 prosent klar når jeg skal ta på meg drakten

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Sogndal