Fotball

Hødd slo serieleiaren

Robin Shroot putta det avgjerande målet då Hødd sigra over Kristiansund BK på Høddvoll tysdag kveld

SEIER: Hødd slo serieleiaren tirsdag kveld.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Robin Shroot har blitt akkurat det Steinar Lein lenge har ønska: ein spiss ein kan vente seg mål av. I Rett før halvtima spelt sentra Øystein Vestvatn kort og kjapt til Eirik Ulland Andersen som sendte ballen på same vis til Robin Shroot. Måltjuven heldt seg så vidt innafor offsidelina til KBK-forsvaret. Han dempa ballen før han let den gå vidare slik han fekk han nemleg langs bakken.

1-0-leding til Hødd mot tabelltoppen var eit faktum.

Les også

  1. Hødd møter den nordmørske serieleiaren

  2. Hødd på forsvarsjakt

Kristiansund tok Hødd på alvor

Det var eigentleg Kristiansund som opna kvassast. Nordmøringane såg ikkje ut til å undervurdere Hødd, tvert i mot. Etter kvarteret spelt fekk serieleiaren nettkjenning. Etter å ha tenkt seg om eit par sekundar annulerte dommaren målet grunna offside. Høddvoll pusta letta ut.

Bendik Dybdal Torset pådrog seg gult kort i det 55. minutt etter ein litt tøff takling. Det var iallfall ikkje noko å seie på kampgløden has. Etter 70 minutt sklitakla han på ganske risikabelt vis inne i straffefeltet, men lyktast med å treffe reint.

Jan Lennart Urke var publikumsfavoritten

Jan Lennart Urke vann alle mulege sponsor— og publikumskåringar i løpet av kampen. Kristiansund hadde ein av kampens største i sjansar rundt det 25. minutt. Kalludra vendte seg, sto på farleg distanse og small til. Det påfølgande hjørnespark vart snappa opppå bakre og denne gongen var det Rønningen sin tur til å skyte! Urke redda .

Les også

Hødd-trenaren: - Kom inn i ein vond sirkel

Så kom nok eit skot, på returen. Returskotetgjekk over mål. Tre store sjansar i ein smekk, men Urke heldt buret reint.

P.S: Jesper Tørnqvist fekk spele dei siste 120 sekunda av kampen.

Les mer om

  1. Fotball 2. div